Kultur | 20. apr. 2011

Magic med Midtsiden

Video: Sjå Gunnleiv lesa tankane til Bruarøy. Fredag ser du han på TV2 igjen.

Magic med Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. apr. 2011 19:47

Fredag 25. mars dukka Gunnleiv Fossåskaret opp på TV2. Gunnleiv hadde meldt seg på i Norske Talenter og viste mindmagic, ei form for trylling der publikum er involvert og trikset tar utgangspunkt i noko publikum tar del i.

– Eg har vore litt fascinert av trylling og triks, og lest litt om det, så då eg kom på dette trikset måtte eg berre visa det. Eg har aldri hatt publikum før, så dette var debuten, fortel Gunnleiv.

Juryen meinte at han hadde litt å henta på framføringa, men likte trikset og sendte han vidare til semifinalen.

Fredag klokka 20 er sendinga der Gunnleiv er med i sorteringa. Om han er blant dei som kjem på skjermen er uvisst, men onsdag utfordra Midtsiden han til å ta eit triks på strak arm.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Kan selja trikset

Trikset Gunnleiv viste i første talentrunde involverte juryen, som tenkte på ting som leia til tre utvalte kort. På spørsmål om kva han ville visa om han kom vidare svarte han at han ville be dei tre tenkja på kvar sin stat i USA, så ville han ved hjelp av lysbildeframvising og legoklossar finna svaret.

– Begge triksa har eg laga sjølv. Etter at eg sendinga frå Bergen hadde vore så tok tryllekunstnaren som var på audition i Trondheim kontakt. Han meinte at eg burde legga trikset ut for sal.

– Er det nokon utanom deg sjølv som kan løysinga?

– Det er 2-3 stykker som veit om delar av trikset, men berre eg som sit på heile pakken.

Fleire tar kontakt

Fossåskaret har vakse opp i Lygrepollen i Fusa, men bur no i Kvernhusrenen på Søre Neset i Os med sambuaren Kjersti Fagna frå Lindås og sonen deira Markus på litt over eit år.

– Etter at eg var på TV så hagla det inn med gratulasjonar. Det kom også førespurnadar frå folk som ville leiga meg til firmafestar og bursdagar, men medan eg er i Norske Talenter har eg ikkje lov til å ta slike oppdrag.

Gunnleiv jobbar i Bergen for eit Austevoll-selskap, og har ikkje planar om å satsa på karriere om tryllekunstnar.

– Vil du likevel ta dette med trylling eit steg vidare?

– Eg veit ikkje. Då må eg i så fall finna på noko stort, seier Fossåskaret.

VIDEO: Underteikna besøkte Gunnleiv onsdag, og hadde ikkje førebudd han på at vi ville be om eit triks på direkten, og at dette ville bli filma. Likevel virka han ganske førebudd, og trikset, det imponerte! (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.