Rafael Villén skåra kampens første og siste mål i gårsdagens runde. (Arkivfoto: KVB)
Rafael Villén skåra kampens første og siste mål i gårsdagens runde. (Arkivfoto: KVB)

To mål av Rafael og siger i vårsesongens siste runde

Os heldt den sterke bortestatistikken ved lag. – Ikkje tilfeldig, seier Brenne.

Kjetil Osablod Grønvigh
22. juni 2019 - 9:56

Fredag spelte Os siste serierunde før ein månad med sommarferie.

Kampen gjekk borte mot Fjøra, som ligg to plassar bak på tabellen.

– Eg synest vi gjer ein ok førsteomgang og leier fortent til pause. Men i andre halvdel gav vi vekk ballen for lett, og fann ikkje rytme i spelet vårt.

– Men vi heldt nullen og tok tre poeng, det er eg glad for, seier trenar Endre Brenne.

Fjøra - Os 0-4 (0-2)

Målskårarar, Os:
0-1 Rafael Villén på ein retur
0-2 Roger Ekeland på straffe
0-3 Roger Mo på bakerste stolpe på dødball
0-4 Rafael på eit fint langskot

– Eitt poeng på fem heimekampar og 13 poeng på seks bortekampar, er det tilfeldig? Er gutane nervøse på heimebane?

– Eg trur ikkje det har med prestasjonsangst å gjera, fleire av dei beste omgangane våre har vi spelt på heimebane, svarer Brenne.
– Det kan nok ha ein del med motstandarane å gjera. Vi har møtt fleire frå nedste del på bortebane. Samtidig har vi tatt ufortent lite poeng i fleire gode kampar heime.

Os tar ferie på 9. plass, 5 poeng bak 4. plass før motstandarane har spelt 11. runde.

Starten på haustesongen blir tøff med kamp mot serieleiar Djerv 1919 heime søndag 21. juli.

Terminliste og tabell

Les meir om

Fotball Os herre Sport