Her set Hafsås inn 1-1 på straffe (foto: Andris Hamre)

To mål, men berre eitt poeng

Bildeserie: Os hadde tre skot i stolpen og skåra begge måla i dagens heimekamp mot Haugesund 2.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Måndagens kamp mot Haugesund 2 starta med at heimelaget takka keeper Andrew Todd for innsatsen.

Todd reiser no heim til USA etter å ha avslutta utdanninga i Bergen.

I tillegg til drakt med signatur frå alle lagkompisane fekk han med seg eitt poeng i bagasjen over dammen.

Os - Haugesund2 1-1 (0-0)
Målskårar Os: Christoffer Hafsås (straffe)
Os sitt lag: Anders Fossen Lunde, Biko Brennan, Knut Spangelo Haga, Torkel Hjertnes, Divaldo Cardoso, Marius Mikkelsen, Rafel Villen Villen, Torgeir Lunde, Steffen Årseth Ljosheim (Hassan El Fakiri, 80 min), Christoffer Hafsås (Thomas Lunde Fosen, 62 min), Enrique Crespo Søvik.
Gult kort: Enrique Crespo Søvik
Sjå tabellen 

Burde tatt leiinga

Os la raskt eit press på gjestane frå Haugesund som tydeleg la seg bak og satsa på raske kontringar.

Etter åtte minutt kom Hafsås seg gjennom og lobba over keeper frå skrot hald. Ballen fall ned oppå tverrliggaren i staden på hovudet til Søvik som sto umarkert på bakre stolpe.

Tolv minutt seinare fekk Hafsås Haugesundkeeperen i full strekk med eit hardt skot frå 18 meter, men keeperen var på plass og slo ballen til ein resultatlaus corner.

To mål på to minutt

Publikum hadde knapt kome seg ut av kaffikøen på eit vindfullt Kuventræ. Etter berre to minutt av andreomgangen gjekk gjestane opp i leinga ut frå intet. Haugesund tråkla seg gjennom på venstresida og tuppa ballen inn foran mål. Ballen traff ein uheldig Spangelo Haga og spratt i mål.

To minutt seinare blei Hafsås spelt gjennom. Han satte fart og blei felt i det han passerte 16-meteren. Heilt korrekt dømte dommar Ole Kellerhals straffe til Os. Hafsås tok den sjølv og banka den kontant i Haugesund-buret.

To i stolpen

Etter dette bølga kampen fram og tilbake, men med Os eit lite hakk framfor. Etter 62 minutt hadde Hafsås sjansen til å ta Os opp i leiinga. Aleine på bakre stolpe nikkar han ballen i stolpen.

Kvarteret seinare er det Torkel Hjertnes som treff treverket, då han smell til med eit skot frå 16 meter. Ballen smell i tverrliggaren og går over.

– Det var ikkje ein topp kamp av oss. Vi har nokre moglegheiter til å avgjera, men det er det same som tidlegare, vi set ikkje ballen i mål. Vi kan snakke så mykje vi vil om det, men det hjelp ikkje. Eg håper det snart løsnar, seier ein frustrert Hassan El Fakiri.

– Vi må berre stå på og jobba vidare, konkluderer Ostrenaren.