Med hjarte for Skorvane. (F.v) Lene Drageset Lyssand, Wenche Nyhamn Olsen og Signe Molland. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 

Målet er liv, leik og ein gapahuk

På laurdag blir det hausttakkefest på Skorvane - malen er dei «gode gamle dagane» på 80-talet. 

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Lene Drageset Lyssand, Wenche Nyhamn Olsen og Signe Molland er alle tre sjølverklærte husmødre med ein agenda.

Alle tre er styremedlemar i det ny-oppliva Skorvane Vel. 

På agendaen står å få liv på dei gamle leikeplassane rundt på Nore Neset.

Forever young

På laurdag skal velforeininga arrangera haustakkefest på leikeplassen på Skorvane.

Inntektene skal gå til eit ambisiøst, men ikkje så langt frå ferdig prosjekt.

– Alle vi tre har gode minne frå 80 og 90-talet her ute fortel Lyssand. Då sprang vi frå leikeplass til leikeplass, og det var alltid ungar ute og leika.

– Med tida har alle leikeplassane meir eller mindre forfalle, og no er det i stor grad kun aktivitet rundt skulen på Nore Neset. Etterkvart som vi i «generasjon 2» her ute vart vaksne og flytta vekk for å studera og etablera oss, vart leikeplassane i mindre grad tekne vare på.

Tilbake, med eigne ungar, gjekk opp for dei tre unge husmødrene at her var det ein jobb å gjera. 

– Joda, vi er nostalgiske til tusen, seier Lyssand, men tenk om ungane våre kan få oppleva det samhaldet vi opplevde i barndomen.

Vil få på plass ein gapahuk

Lyssand, Olsen og Molland fortel at det allereie er lagt ned tall-lause dugnadstimar i leikeplassen på Skorvane, og ikkje minst i det som skal bli juvelen i ute-tilbodet. 

Knappe 60 meter frå leikeplassen er vel-foreininga klare til å bygga ein gapahuk.

– Vi såg føre oss ein heilt «vanleg» gapahuk, men så kom i snakk med Jan Haaland då.

– Han tende såpass på ideen og engasjementet vårt, at han teikna gratis det som skal bli ein stor, og heilt spesiell gapahuk. Os Vidaregåande skule og lærar Jostein Ulland har i tillegg sagt ja til å bygga den gratis for oss, som ein utmerka del av utdanninga til nokre av elevane. 

For å toppa det heile har gjengen på Skorvane fått med seg Vidar Bratlund-Mæland og Arne Mæland på laget.

– Han var ikkje verre enn at han vil støtta prosjektet med kunst som skal smykka området rundt gapahuken. Ungane skal få gå inn i ei «Sverdet i steinen»-verd, og det vil sjølvsagt vera eit sverd som dei kan få prøva seg på, seier Molland. 

Vel-foreinga har allereie lagt klar turveg opp til kor dei planlegg gapahuken. Gode, lokale sponsorar har sytt for både pengar og arbeidstimar.

– At gapahuken skal vera tilgjengeleg for alle er viktig for oss, fortel Molland. Difor har vi fått laga ein skikkeleg grus-sti heile vegen opp. 

Manglar 50.000 - manglar ikkje håp

Dei tre eldsjelene brenn så hardt for prosjektet at artikkelforfattaren treng fem tettskrivne sider for å få med seg alt som blir sagt. 

– Vi har allereie fått på plass 14.000 kroner, i tillegg til all dugnaden som allereie er gjort, seier Lyssand. Då Jan Haaland kom med «gåva si» eskalerte jo heile prosjektet noko, så no er det knappe 50.000,- kroner det handlar om. 

– Vi har ein søknad om økonomisk støtte inne hos Os kommune, men denne let venta på seg. I mellomtida kan vi jo drøyma om at nokon klaskar 50.000,- på bordet, men det var då Lene kom på den brilliante ideen om hausttakke-fest, seier Molland og ler. 

Ein idé ho kom på klokka halv tolv om kvelden, torsdag for ei veke sidan. 

– I staden for å sitja og venta, tek vi grep sjølv, seier Lyssand. På laurdag klokka 14 inviterer vi rett og slett heile Os til hausttakkefest på Skorvane. Det kjem dyr som ungane kan få helsa på, det vert natursti, fortellarstund, og ikkje minst kakesal og ein kunstauksjon til inntekt for gapahuken. 

– Prognosane seier at vi i 2040 skal bli dobbelt så mange her ute; tenk så fint om vi kan ønskja desse 2000 nye innbyggarene velkomne med levande leikeplassar og ein flott gapahuk då, avsluttar dei tre eldsjelene med hjarte for Skorvane. 

Fleire saker