Målkalas i første heimekamp!
VIDEO - sjå alle dei 10 (!) skåringane: Os knuste Lyngbø i sesongens første kamp på Kuventræ.
Bildeserie:
Etter eit skuffande 3-2-tap i opninga borte mot Fyllingsdalen 2 blei det ein festleg dag på Kuventræ då det i dag var tid for første seriekamp på heimebane.
Rafael Villén, Mats Cato Moldskred og Marius Mikkelsen skåra to mål kvar - midtstoppar Vegard Strønen Skeie og debutant Frode Storebø førte seg òg opp på skåringslista.
• Høgdepunkt: Sjå alle skåringane og fleire av sjansane i videoruta over.
Os - Lyngbø 8-2 (3-1)
Os: Frode Moberg Øvredal - Alexander Dale, Divaldo Cardoso, Vegard Strønen Skeie - Endre Brenne, Torgeir Lunde, Martin Røttingen Eidsvik, Harry Moore - Rafel Villén, Mats Cato Moldskred - Marius Mikkelsen.
Innbytarar med speletid: Øystein Takle Eide, Frode Storebø, Steffen Ljosheim, Sander Kvittingen, Simon Moberg Søvik og Alexander Tøssebro.
Gule kort: Moldskred og Skeie.
Dagens Os-spelar/gåvekort på Havnechefen: Rafael Villén
Os, som mista hovudtrenar Karl Kvile tidlegare denne veka, blei leiar av assistenttrenar Tim Henrik Sperrevik.
Dagleg leiar og høgreving Endre Brenne fyller 30 år i dag, og fekk ein bukett av fotballformann Jon Sivert Rykkel før start.
Nølande start
Os hadde overtak, men starta noko svakt. Tempoet var lågt og dei klarte ikkje å bygga opp til dei heilt store sjansane. Då 12 minutt var spelt hadde Moldskred hatt ei svak avslutting på keeper, i tillegg til at heimelaget hadde slått ein corner.
– Eg synest vi blei for utålmodige i enkelte periodar, seier Sperrevik.
Lyngbø, som starta serien med 4-0-siger over Os sin neste motstandar Vestsiden-Askøy, var ikkje ufarlege, og utlikna to minutt etter at Rafael Villén i 21. minutt gav Os leiinga.
Eit langt og presist innlegg av bursdagsbarnet Brenne blei fint handtert av kaptein Mikkelsen, som lurte keeper og sette inn 2-1 i 35. minutt.
To minutt seinare blei Villén takla i boks og Moldskred sette inn 3-1 frå straffemerket.
Leikte seg gjennom 2. omgang
Frode Storebø, som i vinter blei Os sin tredje austevolling, har vore skadd ein periode, men kom innpå for Moore etter pause.
Han gjorde seg gjeldande både i opningsminuttet, der han skapte ein stor sjanse, i 51. minutt, då han dribla fire mann før han lagde corneren som førte til Ljosheim sitt innlegg til Villén si 5-1-skåring - og då han sjølv sette inn 7-1 i 71. minutt.
– I pausen fekk spelarane beskjed om å ikkje føla seg fram, men gå ut og visa at vi skulle vinna kampen. Eg ba dei òg om å halda seg til planen, og å justera på kvarandre etterkvart, men ikkje å laga nye planar midt i kampen.
4-1 blei skåra av Moldskred, 6-1 av Mikkelsen. Siste Os-skåring var det midtstoppa Vegard Strønen Skeie som skåra. Skeie, som fyller 18 år til hausten, hadde allereie spelt ein svært stødig kamp i Os-forsvaret, og krona verket med sitt første seriemål for A-laget.
Lyngbø fekk eit par sjansar på slutten, og gjorde ingen feil åleine med keeper i 88. minutt. Øvredal var på ballen, og hadde ei fin redning minuttet etter.
I forkant hadde Os hatt ein serie med store sjansar, stolpeskot og to mål annulert grunna offside.
• Tabell og terminliste: 4. div. avd. 1
Neste kamp for Os går borte mot Vestside-Askøy, neste heimekamp er mot Sund, som er spådd å landa på 2. plass denne sesongen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.