Sport | 14. juni 2009

Målkalas mot Fjell

Søre Neset har skåra 15 mål på to kampar. Fredag vann dei 7-0 på heimebane.

Målkalas mot Fjell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. juni 2009 21:54

I førre kamp vann Søre Neset 8-3 borte over Nest-Sotra 2, fredag tok dei ein suveren siger over Fjell-Kameraterne på heimebane.

- Eg tar kanskje i viss eg seier at dei hadde éin sjanse i kvar omgang, seier Søre Neset-trenar Frank Haugland om gjestane.

Anders Kinden blei kampens storskårar med tre mål. Her er målskårarane i kampen som enda 7-0 (2-0):

1-0: Ørjan Bakke
2-0: Anders Kinden
3-0: Kenneth Hufthammer
4-0: Anders Kinden
5-0: Anders Kinden
6-0: Audun Røren
7-0: Tommy Matre

- Vi brukte 5-6 innbytarar, men styrte likevel kampen frå start til slutt. Det seier litt om kor god stall vi har.

- Sidan både dei som vinn serien og dei som kjem på 2. plass rykker direkte opp, satsar vi på at Solid dreg ifrå og at vi gjer ein god jobb med å kjempa om 2. plassen, seier Haugland.

Søre Neset ligg no på 5. plass, 3 pong frå 3. plassen og 7 poeng bak Solid, som snart har kamp mot tabelltoar Skjergard.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.