Målrik derby for andrelaga
Lysekloster 2 tok søndag imot Os 2 til lokaloppgjer i 5. divisjon.
Søndag formiddag spelte Lysekloster 2 femte serierunde mot Os 2.
Det blei eit målrikt oppgjer.
– Vi hang med i 20 minutt, så tok Os 2 heilt over. Det skåra ikkje eitt mål for lite, seier Lysekloster 2-trenar og tidlegare Os-trenar Tore Nielsen.
– Dette er årsbeste av oss. Vi starta litt tamt, men så tok det seg opp. Dette er kanskje det beste eg har sett av eit så ungt Os-lag, seier Rune Balland frå trenarteamet til Os.
Lysekloster 2 - Os 2 1-6 (1-2)
Målskårarar: 0-1 Emil Halver (13.), 1-1 Magnus Sandvåg (38.), 1-2 Sander Kvittingen (44.), 1-3 Sander Kvittingen (51.), 1-4 Adrian K. Valle (53.), 1-5 Kenneth Gjerde (60.) og 1-6 Isak Røen (81.).
Sjå troppane på fotball.no
Andrelaget til Lysekloster hadde med seg spelarar som Joakim Hovden, Martin Eidsvik og Sindre Jacob Råheim.
Os 2 stilte med Håvard Grøteide, John Ole Johannessen, Anders Kinden, og juniorane Sander Kvittingen, Kenneth Gjerde og Adrian Kallekleiv Valle frå A-stallen.
Raske ungdomar
– Det blei som venta. Vi stiller med spelarar som stort sett trener to gongar i veka, mot Os, som har så mange unge spelarar som trener 5-6 gongar i veka.
– Men det blei meir målrikt enn eg hadde håpa på. Samtidig var det fint å sjå ungdomane i Os igjen, fleire av dei har tatt nokre steg sidan sist eg såg dei, seier Nielsen.
Balland vil ikkje trekka fram nokre enkeltspelarar, han er nøgd med innsatsen til heile troppen. Balland brukte også alle dei fem innbytarane.
– Det er kjekt å sjå korleis seniorane frå A-stallen passar inn med juniorane og løftar dei unge spelarane.
Opptur og nedtur på tabellen
Etter 3. serierunde var Lysekloster 2 på 2. plass på tabellen, Os 2 på botnen.
I 4. runde tapte Lysekloster 2, medan Os 2 vann 12-0.
No ligg Lysekloster 2 på 5. plass, Os 2 på 6. plass.
Lysekloster 2 speler neste kamp på bortebane fredag, Os 2 speler heime søndag om ei veke.
I morgon, måndag, tar A-laget til Os imot Haugesund 2 på Kuventræ (kl 18).