Målte vinnarvilje
Både Lysekloster og Sogndal 2 er nøgd etter gårsdagens batalje.
Etter 2-1-tap i toppmøtet borte mot Sotra ville Lysekloster visa seg frå ei betre side heime mot Sogndal 2 onsdag kveld.
Lysekloster tok leiinga i første speleminutt, men ungdomane frå saftbygda jobba knallhardt og utlikna i 9. minutt.
Lysekloster - Sogndal 2 3-1 (2-1)
Målskårarar, Lysekloster: Vladan Radojkic (1. og 79.) og Martin Pedersen (38.).
Tropp og kampfakta på fotball.no
Heimelaget hadde likevel styringa og sjansane, og vann til slutt. Men det blei ein kamp med tøffe duellar og mange frispark.
– Det var ikkje vår beste kamp, men det var heller ikkje det viktigaste i dag. Vi hadde fokus på å løfta oss frå førre kamp, å orka å gjera drittjobben, å ta alle duellane. Det gjorde vi, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.
– Men ikkje heile tida. 1-1-målet kom etter at vi tapte tre duellar på rad. Men det kom seg. I pausen snakka vi om det å flytta beina raskt nok til å vera i posisjon til å ta duellen. I tillegg gjorde vi nokre justeringar i breidda i bakre rekke, noko som gav oss meir rom, og som førte til at Sogndal ikkje våga å stå like høgt på oss utover i kampen.
Juniorar med guts
Sogndal 2-trenar Håvard Hatle er òg ganske nøgd, trass at dei måtte reisa tomhendte heim.
–Vi veit at Lysekloster er eit godt lag å la opp taktikk litt etter dette. Vi har tidlegare gått på nokre store tap for lag midt på treet, i dag hadde vi fokus på å visa guts.
Sogndal 2 stilte, med unntak av éin spelar, eit reint juniorlag.
– Tar vi med oss den gutsen vi viste i dag, så kan det gå langt betre i kampane som kjem.
Lysekloster har ny kamp allereie søndag, mot Øystese, også den på heimebane.