Månadsvinnar frå Os
Jostein Berge & The Sunny Eve Rafters blei månadsvinnarar i «Oppdrag DEMO».


Låta «Heavy rotation» av Jostein Berge and the Sunny Eve Rafters blei nyleg vurdert og tilrådd av Urørt-redaksjonen i NRK P3. Denne veka fekk Os-bandet også veta at dei blei månadsvinnar i Bergensavisen sin konkurranse «Oppdrag DEMO».
- Premien var 10.000 kroner i musikkutstyr og to-siders oppslag i BA tysdag denne veka, fortel Jostein Halland.
Låtskrivar og vokalist Jostein Berge har tråkka sine barne- og ungdomssko i Os. Det same har pianist Jostein Halland.
Med seg har Berge også Morten Vedvik på bass, Camilla Sæle Merkesvik på mandolin, pedal steel og vokal og trommis Thomas Gallatin.
Som månadsvinnar for mai er bandet også med i konkurransen om plateinnspeling, noko som ville ha det halvtanna år gamle bandet bra. Dei går nemleg med ønske om snart å spela inn debutalbumet.
Her kan du høyra musikken til Jostein Halland and the Sunny Eve Rafters.