Lokal | 07. nov. 2012

Måndag startar drapssaka

Førstkomande måndag startar rettsaka mot 19-åringen som står tiltalt for drapet i Oshaugen 1. nyttårsdag.

Måndag startar drapssaka
Hovudforhandlingane vil bli ført i rettsal V1 i Valkendorfsgate 6 i Bergen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 07. nov. 2012 11:11

På kvelden 1. nyttårsdag 2012 blei Hilda Feste (98) funnen drepen i heimen sin i Oshaugen. Etter ei tids etterforskning sikta politiet tysdag 21. februar, ein då 18 år gamal gut, mistenkt for drapet.

Guten har sidan sete varetektsfengsla i påvente av at rettssaka skal koma opp.

Måndag 12. november startar rettsaka, som i følgje ei orientering frå Nordhordland Tingrett vil strekkja seg til onsdag 21. november.

Ikkje plass for publikum

I orienteringa frå Tingretten kjem det fram at berre media og familie/pårørande vil få plass i rettsalen.

- På grunn av den store medieinteressa frå media, familie og pårørande er det ikkje satt av nokre plassar til tilhørarar, skriv tingretten i orienteringa.

Om det likevel visar seg å bli plass vil dette bli kunngjort på www.domstol.no/nordhordland. Det er uansett beslutta 18-års aldersgrense for tilhøyrarane.

Stort mediepress

Lokalpressa følgjer saka, Midtsiden og Os og Fusaposten tildelt éin plass kvar under rettsforhandlingane.

Dei regionale og nasjonale mediene har òg varsla at dei vil følgja saka. BT, VG, NRK, TV2 har fått tildelt tre plassar kvar, BA og Dagbladet to plassar og NTB/Scanpix éin plass.

Omfattande vitneliste

29 vitne, i tillegg til tiltalte og politiet, er innkalla og skal forklara seg i i løpet av dei fem dagane vitner førast.

Retten vil bli leia av tingrettsdommar Gunnar Rode Torvund. Aktor er statsadvokat Gert Johan Kjelby, forsvararar er advokatane Rolf Knudsen og Ivar Abrahamsen medan Beate Hamre er bistandsadvokat.

Alvorleg tiltale

Den tiltalte 19-åringen er sikta etter Straffelova § 233 første og andre ledd for å ha forvoldt en annens død for å lette eller skjule en annen forbrytelse eller unndra seg straffen for en sådan, og det foreligger særdeles skjerpende omstendigheter.

Videre er han siktet etter Strafelovas § 192 første ledd bokstav a jf annet ledd bokstav a for ved vold eller ved truende adferd å ha skaffet seg seksuell omgang og den seksuelle omgangen var samleie.

I tillegg tas det forbehold om påstand om erstatning, herunder oppreisingserstatning, til de etterlatte vil bli fremmet av bistandsadvokat jfr straffeprosessloven § 428.

Strafferammen er 21 år fengsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.