Lokal | 12. aug. 2019

Mange bekkar små

Learinnlegg: Nokon må ta det første steget, sjølv om det er kort.

Mange bekkar små
Geir Fossåskaret. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. aug. 2019 07:33

Tenk deg at du ein dag får brev frå Skatteetaten med krav om innbetaling av uteståande skatt.

Du skriv umiddelbart til Skatteetaten og avviser kravet fordi du ikkje trur på skattebetaling. Du forklarer at om du hadde hatt tru på skattebetaling, ville ditt bidrag uansett vore så lite at det ikkje kjem til å mone mykje i den store samanhengen.

Du argumenterer vidare med at det er mange med betre betalingsevne enn deg som bidreg like lite til fellesskapet som det du gjer. Det er opplagt at dei må bidra meir før du kan ta på deg å betale skatten din.

Du gjer sjølvsagt ikkje dette, du betalar skatten din.

Og sjølv om du syns det er sure pengar å betale, veit du innerst inne at vi alle må bidra med vårt til fellesskapet. Det er slik fellesskapet sikrar drift av sjukehus, det er slik dei sikrar at barna dine får utdanning, eller får plass i barnehagen, det er slik vi sikrar vedlikehald av vegar, og så bortetter.

Men, som du sikkert allereie har gjetta, argumentasjonen over har ingenting med skattebetaling å gjere, han er henta frå ein heilt annan debatt. Det er nemlig desse argumenta vi stadig møter på i klimadebatten.

Mitt bidrag til klima er uansett så lite at det ikkje spelar noko rolle om eg deltek eller ikkje, seier du. Det er så mange andre, både her og andre stader i verda, som både kan og må bidra meir enn meg for at det skal monne!

Nei, det stemmer ikkje. Alle må bidra, sjølv om vi ikkje har så mykje å bidra med, og nokon må ta det første steget, sjølv om det er kort, og det kan vera deg.

Stemmer du grønt ved valet i haust får du god hjelp til å ta dei stega som trengst.

Stem godt, stem grønt.

Godt val.

Geir Fossåskaret
Styremedlem, Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.