Så gale kan det gå om frosten får herja vilt (foto: Gjensidige)

Mange frostskadar

Gjensidige mottok 20 skademeldingar som følgje av frosten i Hordaland. Dei reknar med at det kjem fleire.

Av: Andris Hamre

Kulda i førre veke gjorde at fleire fekk problem med kombinasjonen frost og vatn. På landsbasis fekk Gjensidige inn nær 100 skademeldingar, 20 av dei kom frå hus og hytteeigarar i Hordaland. Dette skulle tilseia at forsikringsbransjen samla sett fekk inn fleire hundre skademeldingar.

– All erfaring tilseier at antalet vil stige, fordi det ofte tek tid før skader blir oppdaga. Ikkje minst gjeld det hytter som står tomme mesteparten av tida, seier Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Ikkje tøm på kokande vatn

Skadane Gjensidige har fått melding om fordeler seg ganske likt på bustader, hytter og næringsbygg. Dei fleste skadane ligg mellom 40.000 og 80.000 kroner.

– Om du oppdagar frosne rør, toalett eller anna, gjeld det å tina varsamt. Tømer du på kokande vatn kan du vera trygg på at porselenet sprekk. Om røyr er sprekt må du stenga vasstilførsla til skaden er reparert, seier Voll.

Ha på varme i rom med vatnrøyr

Voll har eit klart råd til hus- og hytteeigarar:

– For å unngå at vatn frys bør du sørgje for å halda temperaturen over 10 gradar i alle rom med vatnrør. Om du er lenge vekke frå bustaden eller hytta, så bør du stenga hovudkranen. For hytter er dette eit krav i forsikringsavtalen, fortel kommunikasjonssjefen.

I 2017 betalte forsikringsselskapa i Noreg ut 110 millionar kroner som følgje av 1750 frostskadar landet over. Den verste frostvinteren «i manns minne» var i 2010, då det blei betalt ut meir enn 1 milliard kroner frå forsikringsselskapa i erstatning etter ein kald og snøtung vinter.