Lokal | 19. apr. 2011

– Mange misforstår

I mai startar handhevinga av parkeringsreglane i sentrum. – Det blir framleis gratis parkering, du treng ikkje p-skive ein gong, presiserer Paul Hans Sælen.

– Mange misforstår
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. apr. 2011 07:51

Sælen er næringsdrivande i Os sentrum og medlem i styret i sentrumsforeininga. Etter at det i det siste har vore skrive ein del om den komande handhevinga av parkeringsreglane i Os sentrum har han opplevd at mange er usikre på korleis dette skal fungera.

– Nokre trur at det skal kosta pengar å parkera i sentrum, andre trur at dei treng avansert utstyr i bilen for å registrera seg.

– Begge delar er feil, slår han fast, og ramsar opp fakta:

1. Det skal framleis vera gratis å parkera i Os sentrum, så lenge du ikkje står lenger enn det som er lov.

2. Det blir fire ulike soner med ulike parkeringstider, 30 minutt, 2 timar, 3 timar og 8 timar. I tillegg kjem pendlarparkering.

3. Står du lenger enn det som er lov får du eit gebyr på 500 kroner.

For at parkeringsverten skal kunna kontrollera kor lenge du har stått parkert må du registrera dette ved anten å:
• Skriva klokkeslettet på ein lapp og legga lett synleg innanfor frontruta

• Senda tekstmelding med klokkeslett

• Bruka ei p-skive, som er som ei leikeklokke i papir. Denne kan du kjøpa i butikkar i Os sentrum for 20 kroner.

– Desse p-skivene er lette å bruka, og du kan sjølvsagt bruka den så mange gongar du vil. Fleire næringsdrivane i sentrum har kjøpt inn mange skiver som dei vil gje til kundane sine, opplyser leiar i Os Sentrumsforening og prosjektleiar for Os kommune i P-saka, Renate Iversen.

Ho fortel at det i starten av mai kjem ei brosjyre frå Os kommune, som skal ut til alle husstandane i Os, med inngåande informasjon om parkeringsreglane og handhevinga av desse.

– Vi har eit felles mål med dette, betre parkleringsforhold i Os sentrum. Anten ein skal i kyrkja, til tannlege eller på handletur så skal det no bli lettare å finna parkeringsplass og det skal framleis vera gratis.

– Dei einaste som får svi er dei som står utover det som er lov, og tar plassane frå dei som har ærend i sentrum. I tillegg til at vi har fått fleire nye plassar blir frigjort mange plassar når desse «langtids-syndarane» blir rydda vekk.

I høgre kant finn du både teikning av p-skiva og innhaldet i brosjyren som blir distribuert i Os første veka i mai

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.