Mange på fotball - få på spansk
Rektor Eikeland er nøgd med at det i år blei grunnlag for fotball i førsteklassen igjen. Men han ønskjer seg fleire som har hatt spansk i ungdomsskulen.
I fjor gjekk Os Gymnas ned frå fire til tre parallellar på første trinn.
Også i år er det tre førsteklassar ved skulen.
Les òg:
Inga venteliste på Os Gymnas
– Snittet er nok høgare enn det ser ut
– Det såg litt svakt ut på prøveopptaket, men då skulen starta hadde vi 29 elevar i alle dei tre klassane, fortel Eikeland.
I Bergen blir det kjørt bytedag, i Os står dei vidaregåande skulane friare.
– Vi kjører byting ut denne veka. Det ser ut til å bli 3-5 som går, dei fleste fordi dei har fått plass på skular dei har hatt lengre oppe på ønskjelista, for eksempel elevar frå Fana som får plass på skular nærmare der dei bur.
Eit godt fotballkull
Hausten 2006 var første år med fotballgymnas på Os. I dag kan elevane velja tre timar med fotball utanom ordinær timeplan i første trinn, for så å følgja opp med toppidrett og få fotball inkludert på timeplanen i 2. og 3. klasse.
– Vi treng 12-13 elevar i førstetrinn for å gje dette tilbodet. I fjor var det berre 5-6 som viste interesse, så det blei ikkje noko fotball.
– Men 98-årgangen er tydelegvis ivrigare, i år har vi heile 21 førsteklassingar som har valt fotball.
Ønskjer spansk-dialog med ungdomsskulane
Os Gymnas deler elevane ved dei tre parallellane inn i fire språkgrupper. Ei av dei er spansk.
– Spansk ser ut til å vera populært, men det er dessverre få av elevane våre som har hatt tilbod om spansk på ungdomsskulen dei kjem frå.
– Derfor er spanskgruppa vår mindre enn vi hadde ønskt, 7-8 elevar er litt få. Skal vi halda fram med å tilby spansk må denne blir større, og det vil eg i dialog med ungdomsskulane i Os om, seier Eikeland.
Snart Miljøfyrtårn
I 2013 var Os Gymnas ferdig etter omfattande oppgradering for over 25 millionar kroner.
Likevel held skulen fram med teknisk utbetring av bygg og innhald.
– I denne veka blir nytt utstyr i auditoriumet montert. Vi har også fått whiteboard-tavler i fire klasserom og har fleire på veg.
– Det pågår også fortsatt arbeid med isolasjon og skulen er på veg til å få status som Miljøfyrtårn, fortel rektor.