Mange rusdebuterer
Politiet håper på ein roleg 16. mai-kveld/natt til 17., men ber føresette følgje opp ungdommane.

Helga før 17. mai har vore ei relativt roleg helg for politiet. Litt klage på støy frå russe-festing på Ulven er meldt inn, men ellers har det vore stille.
Natt til 17. mai er tradisjonelt ei natt med mykje festing.
- Vi håpar på ei positiv natt og at folk er fornuftige, seier lensmann Rasmus Dalen.
Mange debuterer
Han nyttar anledninga til å kome med ei oppmoding til foreldre/føresette om å følgje opp ungdommane sine.
- Vi veit at mange unge debuterer med alkohol og rus nettopp denne kvelden/natta.
- Difor vil eg oppmoda foreldra om å gjera avtaler med ungdommane sine om henting og støtte, seier Dalen.
- For eindel kan debuten sita litt lengre inne om dei veit at dei blir henta til eit avtalt tidspunkt, avsluttar lensmannen.