Lokal | 19. feb. 2015

– Mange som kjøper hus er frå Bergen

I 3. kvartal 2014 fekk vi, for første gong på 13 år, nedgang i folketalet i Os. I dag kom tala for 4. kvartal.

– Mange som kjøper hus er frå Bergen
37 av desse 40 Markhus-bustadane er selt. Dei første har innflytting til påske. (Ill. 3seksti)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. feb. 2015 09:16

I 2. kvartal i fjor sette vi rekord i folkevekst i kommunen og innbyggartalet passerte 19.000.

I 3. kvartal, for første gong sidan 2. kvartal, gjekk folketalet ned og vi hamna under 19.000 osingar igjen.

Les òg: Desse tala overraska ordførar og meklarar

I dag blei folketalsutviklinga for 4. kvartal publisert på ssb.no, og for Os kommune ser det no til å vera tilbake på det gamle sporet.

19.097 osingar

31. desember 2014 var vi over 19.000 igjen, folketalet ved utgangen på 2014 var 19.097 i Os kommune.

Det betyr ei auke på 112 innbyggarar i 4. kvartal, og til saman ei netto auke på 419 innbyggarar i Os løpet av 2014, mot 536 i 2013 og 416 i 2012.

Dette er tala for 4. kvartal 2014:
Fødde: 58
Døde: 24
Innvandring: 53
Utvandring: 16
Innflytting, innanlands: 203
Utflytting, innanlandsk: 163

I 2. kvartal var det rekord med folkevekst 201, i 3. kvartal gjekk vi tilbake med 19.

Folketalet i Os har i 4. kvartal dei siste åra auka med 128 innbyggarar i 2012 og 129 i 2013.

E39-effekt?

Eigedomsutviklar Monica Helene Hansen hos Markhus Bolig AS fortel om uvanleg høg aktivitet i eigedomsmarknaden før jul, og ville tilstandar no på nyåret.

– Vedtaket av bompengesøknaden i stortinget i november kan ha hatt effekt. Dei fleste som kjøper hos oss er osingar, men 30-40 prosent kjem frå Bergen.

– Vi ser at det er mange frå Bergen sør som vil bu meir landleg, og frå idylliske Hjellemarka er det berre 12 minutt med bil til Nesttun, seier Hansen.

Tysdag 18. november blei bompengesøknaden til E39 Svegatjørn-Rådal godkjent.

Nesten tom for hus

Markhus Bolig er ein av tre aktørar som driv storstilt utbygging i det nye bustadområdet i Hjellemarka. Dette selskapet åleine skal bygga 170 bueiningar i det tidlegare urørte terrenget mellom Søfteland og Hetleflåten.

– Vi er nesten tom for hus, 37 av dei første 40 er selt og vi jobbar på spreng med neste prosjekt, som skal vi håper å ha klart for sal til påske.

Det neste prosjektet skal bestå av 29 leilegheiter, 2-, 3- og 4-roms frå 38 til 129 kvadratmeter, med ekstra store terrassar.

– Vi har både eldre og nyetablerar blant kjøparane, og mange vel Hjellemarka på grunn av den fine naturen, skogen og vatna rundt bustadfeltet. Med store terrassar blir det endå enklare å nyta omgjevnadane, seier Monica Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.