Mange syndarar
Bergen Trafikkstasjon skriv ut mange førelegg i Os i dag.


- Det har vore ein del syndarar, dessverre. På to timar har vi no skrive ut førelegg til 16 bilistar grunna manglande bruk av bilbelte. I tillegg er det ein del som ikkje har vognkort eller førarkort med seg. Desse må også betala, seier Hans Larsen.
Frå klokka halv ni torsdag morgon har Bergen Trafikkstasjon hatt mannskap i rundkjøringa i Os sentrum.
- Vi har bilbeltekampanje over heile landet denne veka. I tillegg nyttar vi høvet til å dela ut informasjon om fartskampanjen vår, seier Marianne Sævarvaag.
Ifølgje berekningar basert på statistikk frå 2008 ville 60 liv blitt berga i fjor, om alle heldt fartsgrensa.
- Med denne kampanjen håpar vi å nå dei som "berre" kjører litt over fartsgrensa. På veg med 80 km/t som fartsgrense blir faren for at liv går tapt dobla om ein kjører i 93 km/t, seier ho og viser til brosjyren som blir delt ut under kontrollen på Os i dag.