Lokal | 16. juni 2017

Manger blir prosjektleiar for ny kommune

Assisterande rådmann går frå Os for å slå saman tre andre kommunar.

Manger blir prosjektleiar for ny kommune
Paul J. Manger melder overgang til nye Øygarden kommune og skal leia arbeidet med å byggja den nye kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 16. juni 2017 09:40

Assisterande rådmann Paul J. Manger får ansvaret for å losa kommunesamanslåinga mellom Fjell, Sund og Øygarden trygt i hamn.

Den førebuande fellesnemnda for kommunen som så lagt har arbeidsnamnet Øygarden gav full tilslutning til tilsetjingsutvalet si samrøysta innstilling og klappa Manger inn i den nye stillinga.

– Han er trygg på seg sjølv, og tør å la andre sleppa til, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell i møtet.

– Han ar vist evnen til å skapa tillit, og til gjennomføring, gjennom eit langt yrkesliv. Når det trengst har han også vist evne til å skjæra gjennom, supplerte ordførar Børge Haugetun i Øygarden i følgje nettavisa tunnelsyn.no

– Ei spennande utfordring

Manger tek truleg fatt på oppgåva i løpet av september.

– Vi er i ein spennande prosess i samanslåinga mellom Os og Fusa, så eg må få med meg det felles kommunestyremøtet her den 24. august før eg forlet Os.

– Det skjer mykje positivt og vi har to administrasjonar, både i Os og Fusa, som er veldig klare til å ta fatt på oppgava med å byggje den nye kommunen, seier Manger.

– Kvifor søkte du jobben?

– Det var ei veldig spennande utfordring, så eg måtte berre prøve meg. Eg har mykje god erfaring med meg frå tida her på Os, også med tanke på den jobben som vi har gjort så langt med kommunereforma.

Mister ein god mann

Rådmann Christian F. Fotland seier at kommunen no mister ein god mann.

– Paul har gjort ein viktig jobb for oss og leia oss gjennom gode prosessar i arbeidet med å slå oss saman med Fusa, kor han har vore koordinator og prosjektleiar så langt.

– Så er det jo slik at flinke folk er attraktive. Han har fått ein utruleg spennande jobb. Eg må berre få lov å gratulere både han og dei tre kommunane der ute, seier Fotland.

Heile 28 søkjarar melde si interesse då stillinga blei lyst ut i mai.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.