Sport | 15. nov. 2015

Mangla litt på toppfarten

Sverre Lunde Pedersen avslutta verdscupen i Calgary med 7. plass på 1500 meter. Sindre Henriksen gjekk seg opp i A-pulja.

Mangla litt på toppfarten
Sverre Lunde Pedersen gjekk 1500 meter i Calgary søndag (skjermskot frå NRK)
Andris Hamresøndag 15. nov. 2015 21:09

Søndag kveld (norsk tid) gjekk 1500 meteren av stabelen i The Olympic Oval i Calgary. Etter at Sverre Lunde Pedersen satt ny personleg rekord på 1000 meteren laurdag var det knytt spenning til om han ville klare å gjera det same når distansa blei 500 meter lengre.

Slik gjekk det diverre ikkje. Sverre gjekk inn på 1.44.11 etter å ha opna på 23.7 på dei første 300 metra, deretter gjekk rundene på 26.0, 26.5 og 27.7.

– Det blir litt for smått i starten. Eg tykkjer òg han blir litt for passiv med 26.0 på andre runden. Det var heilt fint i fjor, men Sverre har blitt så mykje sterkare at han må komma seg ned på 25-talet, meinte NRK sin ekspertkommentator Even Wetten.

Ny sjanse om ei veke

Wetten var optimistisk på Lunde Pedersen sin vegne.

– Sverre har definitivt kapasiteten, men manglar framleis toppfarten. Det kan kanskje komma allereie om ei veke i Salt Lake City, mente Wetten.

Sindre gjekk seg opp

Sindre Henriksen gjekk i B-pulja tidlegare på dagen. Halvosingen som går for Fana har verkeleg fått gjennombrotet denne sesongen. Med tida 1.45.31 forbedra han ikkje berre sin eigen personlege rekord med 2,5 sekund. Han kvalifiserte seg òg til å få gå med dei beste i A-pulja i det kommande løpet i Salt Lake City.

Rundetidene 24.0, 26.0, 27.4 og 28.7 heldt til ein sterk 3. plass i pulja og opprykk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.