Lokal | 26. juni 2017

Manglande budsjett utsatte strikkeidé

Kan genserar med Osrosemønster bli like stort som Selbuvotten og Mariusgenseren? Politikarane er postive, men utsatte spørsmålet om å støtta prosjektet.

Manglande budsjett utsatte strikkeidé
Osroso kan bli mønster for strikkeoppskrifter, men førebels er for mykje uklart til at kommunen vil støtta prosjektet
Andris Hamremandag 26. juni 2017 13:58

I politisk kvarter i formannskapet 16. mai laserte varaordførar Laila Reiertsen (Frp) ideen om Osroso som grunnlag for strikkemønster. Administrasjonen fekk då i oppdrag å kome tilbake med ei sak til formannskapet.

Då politikarane fredag handsama saka var det Os Husflidlag som hadde teke prosjektet vidare.

– Dette er ein stor moglegheit å få fremma Os Husflidslag og Os bygda på ein framifrå måte. Vi i styret ser for oss mange moglegheiter med dette strikkeprosjektet, med å arrangere temamøte, strikkekafe mm. Ikkje minst ser vi før oss at Osrosemønsteret kan bli like stort som Selbuvotten og Mariusgenseren. Strikking er i tida, og det å få med oss mange på å strikka ei merkevare hadde vore kjekt. Å fremja gamal rosemålingsteknikk som Osroso, som er spesiell frå bygdo, og viderutvikla kulturarven vi har er viktig.

– Vi ynskjer å få til eit profesjonelt opplegg der alt vert skreddersydd for Os kommune, skriv husflidlaget i søknaden kor dei antyder ein kostnad på 200 000 kroner for design/foto/katalog og marknadsføring ved hjelp av House of yarn.

Mangla budsjett

Då det ikkje låg føre eit meir spesifisert budsjett gav administrasjonen ei negativ innstilling til å støtta søknaden.

– Det har ikkje kome inn eit budsjettframlegg frå søkjar. Det er ein av tinga som gjer at vi har den innstillinga vi har. Formannskapet har vore strenge på at det skal foreligge eit budsjett. Sånn sett ser vi at det er meir naturleg at dette blir ein søknad på KUP-midlar neste vår, forklarte rådmann Christian F. Fotland.

Kjempespennande prosjekt

Politikarne var samde i at dei ønskja seg eit meir detaljert budsjett, men ville ikkje legga saka heilt vekk enno.

– Dette er eit kjempespennande prosjekt. Det er to ting som beskriv vår identitet, Oselvaren er den eine. Osroso den andre. Denne ideen om å promotera Osroso inn i strikking, som er ein gamal handverkstradisjon som igjen har blitt veldig populær og som når breitt er god. Men eg er uroa over at vi ikkje finn eit budsjett. Det er vanskeleg å handsama ei sak kor vi ikkje veit kva pengane skal gå til, kommenterte ordførar Marie Bruarøy (H), som fekk støtte av Jon Sivert Rykkel (V).

– Det som gjer Os litt kul er at vi tør satsa på litt uortodokse ting. Men eg er einig i at søknaden gjer det litt problematisk. Dei må få ei tilbakemelding på at det ikkje er godt nok, så får vi ta det opp att.

Kven får eigerskap og rettane?

Fleire av dei andre i formannskapet var samd i at søknaden slik den no lå føre ikkje var god nok.

– Det er nok eit prosjekt Os kommune må vera med å løfta, men eg reagerer litt på at om Os kommune skal bidra med alt, så må vi å ha eit eigerskap til dette. Ikkje minst om ein tenkjer industriell produksjon på sikt. Då er det å ha rettane og eigarskapen viktig. Vi må få eit budsjett og kva det går ut på i det lange løp, påpeika Ståle Skaatun (H).

– Eg er samd i at det virker litt prematurt. Det er ikkje gjort ein god nok forretningsvurdering. Dette er merkevarebygging, men kven eig merkevaren. Ideen og tanken er kjempespennande, men heile konseptet er for utydeleg. Det må koma fram i søknaden kva tanker ein har gjort seg om dette. Det kan potensielt bli ein stor ting for Os, supplerte Tone Hepsøe (AP) før Gustav Bahus (Frp) fremja forslag om å utsetta saka, slik at husflidlaget kunne koma tilbake til formannskapet med eit konkret budsjett og forretningsbeskrivelse.

– Eg tykkjer vi òg kan invitera dei inn i formannskapet for å fortelje kva dei tenkjer, sa Bahus.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.