Manglar det noko?
Badegjestar er det lite av i Mobergsvikjo om dagen, men manglar det ikkje også noko anna?
At ein ikkje finn så mange badegjestar i Mobergsvikjo om dagen er kanskje ikkje så rart, gradestokken viser berre 15 grader.
Det midtsiden.no reagerte på då vi besøkte Vikjo på jakt etter badande osingar var at eit så valhalden friluftsområde plass ikkje har eit einaste boss-spann.
Plenen er nyklipt, toaletta er reine, parkeringsplassen merka, men ikkje eit einaste boss-spann.
Bevisst strategi
Ein telefon til Bergen og omland friluftsråd (BOF) gev oss svaret.
- Vi har ein strategi der vi prøver å ikkje sette ut boss-spann på badeplassane, seier nestleiar John Frithjof Fosse.
- Vi ønskjer at folk tek med seg bosset heim og kildesorterer det. Viss vi set ut boss-spann går alt i same dunken og blir usortert. Då er det mykje betre at det blir kildesortert heime, forklarar Fosse.
Kan få gitterbur
Samstundes legg han til at om erfaringane viser at denne strategien slår feil, kan dei sette ut løysingar, som i Ervikane, der ein har ei nedgravd løysning og eit gitterbur for eingangsgrillar.
- Om vi skulle ha boss-spann på alle badeplassane vi forvaltar, hadde alt for mykje av ressursane våre gått med til boss-tømming. No kan vi i staden bruke tida på å klippe plenane og halda badeplassane i skikkeleg stand, seier Fosse.
Framtida blir diskutert
Kva løysningar ein vel for Mobergsvikjo i framtida når Oseana står ferdig veit ikkje Fosse når vi spør.
- Denne sommaren er spesiell for Vikjo med bygginga som foregår ved siden av. Korleis vi skal drifta Mobergsvikjo når Oseana står ferdig, og korleis vi skal videreutvikle vika, er ein diskusjon som pågår, avsluttar nestleiar John Frithjof Fosse i BFO.