Manglar vatn - sender elevar heim
Os barneskule har tekniske problem.
Måndag formiddag klokka 10.16 fekk foreldre med elevar i 5. til 7. trinn ved Os barneskule beskjed om at elevane blir sendt heim.
Årsaka er ikkje koronarelatert, skulane held fram på gult nivå etter skjerpa smitteverntiltak frå i går.
Men skulen manglar vatn på fleire klasserom.
– I samråd med fagsjef skule sender vi elevane heim snarast, skriv rektor Laila Aarbakke i meldinga.
Dersom nokre elevar har utfordring med skuleskyss, er foreldra oppmoda å ta kontakt med skulen.
To frosne innlaup
– Eg har ikkje tid til å prata no, vi er midt i heimsending av elevar, seier rektor Aarbakke.
Midtsiden har ikkje lykkast i å nå fagsjef Janne Eik eller teknisk vakt i Bjørnafjorden kommune, men får opplyst på staden at frosne innlaup på to av bygningane er problemet.
Artikkelen blir oppdatert.