Lokal | 02. mars 2020

Mann fekk hjul i hovudet - henta av ambulanse

Politiet har òg tatt hand om ei kvinne som hadde fått for mykje å drikka.

Mann fekk hjul i hovudet - henta av ambulanse
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. mars 2020 09:37

Søndag litt før klokka 13 kom det melding om eit uhell i Hagavik.

– Ein mann i 30-åra hadde fått eit hjul eller ein felg i hovudet. Mannen blei henta av ambulanse og køyrd til Haukeland universitetssjukehus, fortelpolitioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet ventar til dei har hatt samtale med den skadde før dei avgjer om det blir oppretta sak.

Kvinne til legevakt etter fest

Klokka 00.18 natt til søndag blei politiet kontakta av ein av utestadane i Os sentrum.

– Dei hadde ein gjest som blei vurdert som ute av stand til å ta vare på seg sjølv.

Vedkomande, ei kvinne i 30-åra, blei køyrd til legevakt.

Utan måling - med gebyr

Laurdag i 22-tida blei ein bilist stoppa i Os etter det patruljen opplevde som høg fart.

Bilførar, ein mann på rundt 20 år, nekta for å ha køyrd for fort, og skal ha blitt opplevd som kverulerande.

Det blei ingen reaksjon på den høge farten, men då bilførar ikkje hadde vognkort med seg, bei han ilagt gebyr på 900 kroner.

Kort tid etter stoppa politiet ein bil på Ulvensletta, også denne grunna høg fart, men utan måling. Bilførar, ein mann i 40-åra, stilte seg uforståande til påstanden, men fekk ei muntleg oppmoding om å køyra finare på resten av turen.

Klokka 00.46 natt til søndag kom politiet forbi ein feilparkert bil på Halhjem. Bilen sto på eit fortau, sånn fleire bilar har gjort dei siste månadane, og fekk gebyr for dette.

Politiet har i helga òg fått melding om innbrot og tjuveri av to bilar, og stoppa ein mindreårig bilist to gongar på under eit døgn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.