Mann fengsla etter damebesøk
Politiet: Ransaking hos ung jente, utlending som plagde kvinne, krangling og ruteknusing - og ein som kjørte villmann med narkotika i bilen.
I 13-14-tida onsdag fekk politiet i Bergen og Os fleire meldingar om ein som kjørte som ein villmann.
Den første meldinga kom i Knappetunnelen på Søreide.
Politiet i Bergen tok opp jakta, men så kom melding frå Søfteland om at same bil tok stygge forbikjøringar og heldt høg fart retning Os.
Bil og førar blei funnen i Os sentrum. Politiet fann mindre mengder av ulike typar narkotika i bilen, blant anna hasj.
Førar er ein ung mann frå Os. Det blei tatt beslag i førarkortet og det er oppretta sak.
Mann plagde dame
Politiet fekk i går melding om ein mann som plagde ei dame. Han skal ha sendt sms og oppsøkt kvinna, og prøvd å ta seg inn i huset hennar sjølv om han ikkje var velkomen.
– Vedkomande er ein utlending frå Bergen, ein mann i midten av 30-åra som er kjent for politiet frå før.
– Han blei frakta frå staden og var innom legevakt, der det blei påvist høg promille, før han blei kjørt til arresten i Bergen, fortel politibetjent Anne Lyssand.
Mannen er meldt for brot på paragraf 350 (uroa allmenn fred og orden) og det er oppretta sak.
Krangel og ruteknusing
Politiet blei onsdag kveld kontakta av ei kvinne som hadde vore på ein fest som hadde enda med krangling.
– Ho skal ha blitt kasta ut og knust nokre ruter i sinne då ho gjekk. Vi tok ho med til legevakt for sjekk av nokre sår, fortel Lyssand.
På ransaking hos ungdom
I samband med etterforsking av ei narkosak var politiet i går på nok ei ransaking.
Denne gong var det heime hos ei ung jente på under 18 år.
I førre veke var politiet på ransaking på tre adresser, tre dagar på rad, og fann narkotika eller brukarutstyr på alle tre.
I går blei det resultatlaust.