Lokal | 01. apr. 2017

Mann i 30-åra mista førarkortet

I natt fekk politiet mistanke om promille i Os sentrum, på dagtid i går tok UP eit beslag på Lepsøyvegen.

Mann i 30-åra mista førarkortet
Både UP og politiet i Os har tatt mange fartssyndarar på Lepsøyvegen dei siste åra. På dette strekket ser det ut til å vera vanskeleg å halda 50 km/t. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 01. apr. 2017 09:11

Klokka 04.15 natt til laurdag fekk politiet melding om mistanke om promillekøyring ved rådhuset i Os sentrum.

Ein patrulje frå Fana stoppa den aktuelle bilen klokka 04.35, men det viste seg at førar var edru.

– Vi er likevel takksam for at folk ringer når dei har mistanke. Mange av dei rusa førarane vi stoppar blir tatt etter tips frå publikum, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.

Køyrde for fort i 50-sona

UP sin «fotgjengarfabrikk» på Lepsøyvegen er framleis i drift.

Utrykningspolitiet har dei siste 2-3 åra tatt mange fartssyndarar i 50-sona på denne vegen, og fredag klokka 10.45 var det nok ein bilist som køyrde for fort.

– Vedkomande, ein mann i 30-åra, blei målt til 78 km/t. Han samtykka til førarkortbeslag, fortel Eidsnes.

Røde Kors øver på Hetleflåten

Politiet opplyser om at Røde Kors har ei større øving i Os desse dagane.

I går var dei i aktivitet i Ervikane, i dag skal dei øva ved Os vassreinseanlegg på Hetleflåten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.