Nødetatane rykte tysdag ettermiddag ut på melding om ein eksplosjon i Prestegardsskogen.
«Klokka 17:03.Prestegardskogen i Os. Eksplonsjonsulykke i gasskomfyr på privat kjøkken» meldte Vest politidistrikt på Twitter om lag ein time seinare.
Dei skriv vidare at ein mann blei brannskadd i ulykka.
OPPDATERT:
– Vi fekk melding ein time etter at ulykka skjedde. Då vi kom til staden var den skadde, ein mann i 40-åra, allereie frakta til sjukehus, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Det var brannvesenet som varsla politiet. Også dei kom til staden etter at helse hadde rykt ut.
– Det skal ikkje ha vore noko å sløkka. Årsaka er heller ikkje kjent. Det skal vera snakk om ein ny gasskomfyr, men vi veit ikkje om produktfeil eller bruksfeil har vore årsaka, seier politiet, som førebels ikkje har snakka med den skadde.