Mann i 60-åra til sjukehus etter valdsepisode
Ein mann i 40-åra er pågripen og mistenkt.
Tysdag klokka 23.10 fekk politiet melding om bråk på ei privat adresse litt utanfor Os sentrum.
Det var naboar som meldte ifrå, og politiet rykte ut. På staden fann dei ein blodig mann i 60-åra.
– Han hadde skadar i ansiktet og andre stadar på hovudet, men var bevisst, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Mannen blei sendt til sjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er førebels ukjent.
Mistenkt pågripen
På staden var òg ein mann i 40-åra. Han er mistenkt for vald, og blei pågripen og køyrd i arresten.
Han har ifølgje politiet vore meldt for vald også tidlegare.
Det skal ha vore ein del rus inne i bildet, men politiet veit førebels ikkje om det er snakk om noko anna enn alkohol.
– Var det fleire enn desse to i husværet?
– Ikkje så eg kan sjå ut av rapporten. Den eine var på besøk hos den andre, seier politiet, men vil ikkje fortelja kven av dei to sin bustad dette var.