Lokal | 10. juni 2012
Mann med våpen tatt i Dalen
Politiet rykte ut etter melding om skyting i Hegglandsdalen.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. juni 2012 21:36
Søndag klokka 19 rykte politiet ut på væpna aksjon i Hegglandsdalen.
– Vi fekk melding om at det var høyrt skot frå eit hus. Det var også mykje røyk frå ein boks utanfor huset, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Ole Jakob Malmo.
Etter at politiet kom fram blei det høyrt endå eit skot. Mannen kom så ut av huset med noko som likna eit våpen.
Vedkomande, som er ein kjenning av politiet i 30-åra, blei pågripen utan dramatikk.
Ingen personar blei skadd.