Lokal | 22. feb. 2020

Mann og kvinne tatt for tjuveri

Mannen skal ha vore hissig, men butikken fekk varene sine igjen.

Mann og kvinne tatt for tjuveri
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. feb. 2020 08:34


Fredag i 16.20-tida fekk politiet melding om tjuveri frå ein butikk litt nord for sentrumskjerna i Os. Mistenkte er ein mann i 30-åra og ei kvinne i 20-åra.

– Den tilsette i butikken tok varene ifrå dei. Mannen skal ha vore hissig, men ikkje fysisk, opplyser vakthavende ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Politiet hadde ikkje ledig kapasitet til å rykka ut, men er veit kven dei mistenkte er. Dei dukka dessutan opp i loggen til politiet knappe tre timar seinare.

Klokka 19.15 fekk politiet melding om to personar som framsto som rusa, og gjekk midt i vegen på ein sideveg i Os aust. Politiet rykte ut til staden.

– Dei framsto som rusaog var dei same som er mistenkt for tjuveri. Dei stadfesta at dei hadde gått i vegen, men meinte dei hadde gått langs sida av vegen. Begge blei dimittert etter kontroll.

Feil på bilane til tre unge menn

Tre gongar fredag stoppa politiet bilar med unge førarar.

Klokka 10.40 fekk ein mann i 20-åra pålegg om å utbetra fleire lysfeil på bilen, og visa den for Statens vegvesen når dette var gjort. Han fekk òg ein frist på seg. Bilen blei stoppa på Nore Neset.

Klokka 23.20 blei to bilar kontrollert i Os sentrum. Begge fekk pålegg om å fjerna ting som hang frå speglet i frontruta. Den eine fekk òg pålegg om å utbetra lysa, då han køyrde med farga frontlys.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.