Lokal | 26. okt. 2019

Mann omkom i ulykke på Halhjemsvegen

Ein liten varebil frontkolliderte med vogntog. E39 er stengt frå Moberg til Lepsøykrysset.

Mann omkom i ulykke på Halhjemsvegen
Ulykka skjedde rett nord for Lepsøykrysset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. okt. 2019 07:40

Bildeserie:

Vogntoget hamna i grøfta etter kollisjonen. (Foto: KVB)
Vogntoget hamna i grøfta etter kollisjonen. (Foto: KVB)
E39 er stengt mellom krysset og Moberg. (Foto: KVB)
E39 er stengt mellom krysset og Moberg. (Foto: KVB)
Bergingsbilar er på staden. (Foto: KVB)
Bergingsbilar er på staden. (Foto: KVB)
Også vogntoget har store skadar, men førar framstår som uskadd. (Foto: KVB)
Også vogntoget har store skadar, men førar framstår som uskadd. (Foto: KVB)
1 av 4
Vogntoget hamna i grøfta etter kollisjonen. (Foto: KVB)
E39 er stengt mellom krysset og Moberg. (Foto: KVB)
Bergingsbilar er på staden. (Foto: KVB)
Også vogntoget har store skadar, men førar framstår som uskadd. (Foto: KVB)

Politiet fekk klokka 03.25 i natt melding om kollisjon mellom ein varebil og eit vogntog på E39.

Ulykka skjedde litt nord for krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

– Førar av varebil, ein mann i 30-åra, blei erklært død på staden klokka 03.50, fortel Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Førar av vogntog, ein mann i 40-åra, er oppegåande og utan synlege skadar. Han er tatt til lokal legevakt for sjekk.

Begge sjåførane var åleine i bilane.

– Varebilen skal ha hatt retning Halhjem, vogntoget retning Os. Det er uvisst om meldar såg sjølve kollisjonen, eller kom til staden rett etter at ulykka hadde skjedd, seier innsatsleiar på staden, politioverbetjent Christine Grindstein, til Midtsiden.

– Var det fleire bilar involvert?

– Nei, det er ikkje noko som tyder på det.

Fartsgrensa på staden er 70 km/t. Politiet kan ikkje seia meir om mogleg årsak til ulykka. Alle pårørande var foreløpig ikkje varsla.

Stengt veg til Moberg

E39 blei stengt frå Lepsøykrysset til Moberg.

Midtsiden var på staden frå 8.30 til 8.50, då var vegen framleis stengt, men to bergingsbilar var på staden.

– Ulykkesgruppa skal gjera ferdig undersøkinga si, så skal vi flytta bilane, éin og éin.

– Det er for tidleg å seia kor tid vegen opnar igjen.

Vegen er framleis stengt klokka 09.40. Inntil vidare er det omkøyring om Skeie og Ulven.

OPPDATERT: Alle pårørande er no varsla. Vegen er framleis stengt. Vogntoget er tungt lasta, og fjerning av bilen er eit omfattande arbeid, opplyser politiet klokka 10.34.

Vegen opna igjen klokka 12.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.