Lokal | 03. mars 2019

Mann oppførte seg truande, kvinne kunne ikkje betala

Politiet rykte ut til både Elkjøp og ein av overnattingsstadane i Os laurdag.

Mann oppførte seg truande, kvinne kunne ikkje betala
Politiet rykte ut til Amfisenteret laurdag ettermiddag, men den trugande mannen var då vekke. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. mars 2019 08:19

Laurdag, etter utforkøyringa på Rød, fekk politiet melding om ein mann som oppførte seg trugande mot betjeninga på Elkjøp på AMFI Os.

– Han var vekke då vi kom til staden. Vi har namnet på vedkomande, ein mann i 30-åra, men Elkjøp ville ikkje melda forholdet, fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

Laurdag kveld fekk politiet melding ei kvinne som ikkje hadde ressursar til å gjera opp for eit hotellrom, men som trengte ein stad å sova.

– Kvinna er utanlandsk, og i 40-åra. Vi hadde ingen plass å køyra ho, men etter noko dialog blei ho overtatt av helsevesenet, så ho fekk seg ei seng for natta.

Det har elles vore ei roleg natt for politiet i Os. Siste punkt på lista før natta var utdeling av mangellapp til ein bilist.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.