Lokal | 18. juni 2018

Mann pågripen etter brann på terrasse

Politiet mistenker at brannen søndag er påtent.

Mann pågripen etter brann på terrasse
Brannen i Industrivegen blei sløkt med skumapparat. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. juni 2018 08:07

Søndag formiddag litt før klokka 11 rykte politi, brannvesen og ambulanse ut til bufellesskapen Vartun i Industrivegen. Det hadde kome melding frå Industrivegen/Byvegen om opne flammar og ein del røyk frå baksida av rekkehuset.

– Ingen blei skadd i brannen, opplyser politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Brannen var sløkt med eit skumapparat før brannvesenet kom fram. Det hadde brent i nokre møblar på terrassen, men det var òg sprekk i eit vindauge som følgje av varmen frå brannen.

– Om ikkje det hadde blitt sløkt med det same kunne dette fort blitt ein bustadbrann, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Mann pågripen

Politiet etterforskar brannen og ein mann er pågripen.

– Ein mann i 30-åra er køyrd i arresten. Han skal i nye avhøyr i dag, seier Hadler-Olsen.

Politiet mistenker at mannen kan ha noko med brannen å gjera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.