Lokal | 06. juni 2017
Mann pågripen etter trugslar
Truga familen og kasta ein stol etter helsepersonell.
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 06. juni 2017 21:10
Tysdag i 15.30-tida rykte politiet ut til ein bustad i Os etter melding om trugslar.
– Mannen var trugande ovanfor familiemedlemmar. Då helsepersonell kom til staden skal han ha kasta ein stol mot desse, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.
Grunna tidlegare episodar med same person stilte politiet sterkt, og med verneutstyr.
Ingen blei skadd i samband med trugslane eller pågripinga.
Mistenkte, som er i 20-åra, er tatt hand om av helsepersonell og det er oppretta sak.