Lokal | 10. aug. 2020

Mann pågripen - mistenkt for innbrot

Fann tjuvgods hos mistenkte.

Mann pågripen - mistenkt for innbrot
Bjørnafjorden lensmannskontor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. aug. 2020 14:23

Måndag blei ein mann pågripen, mistenkt for å stå bak eit innbrot i Os.

– Det er innhenta nokre opplysingar som gjer at vi kunne gå til aksjon. Vi fann gjenstandar hos vedkomande som er stole, og det er snakk om store verdiar, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Det har vore fleire innbrot og tjuveri frå bustad og bil den siste tida. Politiet vil foreløpig ikkje seia kva av desse innbrota mistenkte blir knytt til.

– Mistenkte var i avhøyr i går, og blei dimittert etterpå. Vi ser på saka som oppklart, og det er gledeleg, men det står eit stykke arbeid igjen, forklarer Lyssand.

Mistenkte er ein 28 år gamal mann. Vedkomande er ikkje frå Os. Politiet vil ikkje seia om dei trur fleire personar har vore involvert i mistenkte sin aktivitet.

Seks tilfelle på éi veke

Frå fredag 31. juli var det vore både innbrot i bustad og bod, og tjuveri frå bil og nattklubb.

I førre veke var det to innbrot hos Thuen & Matre. I det siste innbrotet stal dei ein motocross-sykkel.

Tok ein alvorsprat med unge mc-førarar

Måndag i 19.30-tida fekk politiet melding om rundt ti motorsyklistar som køyrde samla på Ulven, der fleire av dei køyrde fort eller på bakhjulet.

Politiet rykte ut, i forsøk på å møta gjengen og observera køyringa.

– Dei skal ha køyrd retning frå Lysefjorden mot Os, men patruljen visste ikkje kva veg dei tok frå Ulven, og satsa på Nore Neset.

Det var feil, men tilbake i sentrum møtte dei ein gjeng på Esso.

– Syklane blei kontrollerte, og alt blei funne ok. Samtidig tok politiet ein prat med dei unge mc-førarane, og gav ei muntleg ptvaring etter køyremønsteret som var observert av vitne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.