I 3-tida i natt fekk politiet melding om rusa kvinne som gjekk langs vegen ved Er-An på Røykenes. Kvinna, som er frå Bergen, kom seg heim med drosje.
Klokka 3.30 kom meldinga om bevisstlaus mann utanfor Bar2Be. Han blei kjørt til legevakt for sjekk.
- Mannen hadde blitt slått ned, men vi fekk heldigvis kontakt med han. Gjerningsmannen er ein som fornærma kjenner, begge er i 20-åra. Det er uvisst om episoden blir meldt, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
I 7-tida sundag morgon meldte tilsette ved ein av bensinstasjonane frå om rusa mann utanfor stasjonen. Politiet rykte ut og kjørte vedkomande, ein kjenning i 30-åra, heim.
Politiet har i natt også tatt ein person for urinering på offentleg stad.
Lokal | 14. mars 2010
Mann slått ned
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. mars 2010 10:02
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.