Mann tatt med amfetamin
Ein mann i 40-åra blei tatt med narkotika natt til søndag, ei ung kvinne blei tatt med falsk legitimasjon.
Laurdag kveld blei politiet kontakta av vaktane ved Irish Cat.
– Ei jente som ikkje var gamal nok til å koma inn hadde prøvd å lura vaktane ved å visa falsk legitimasjon, fortel politibetjent Kenneth Rastad.
Rastad seier det ikkje har vore særleg med bråk i sentrum, men at det var ei veldig livleg natt med mykje folk i gatene og tydelegvis også på utestadane.
Tatt for kjøp og bruk
I løpet av natta slo politiet til på ei adresse i Os.
– Der tok vi ein mann som er mistenkt for kjøp og bruk av amfetamin, seier Rastad.
Politiet fann mindre mengder av det narkotiske stoffet på mannen, som er i 40-åra.
Prøvde å ta seg inn på fest
Om det ikkje var særleg med trøbbel i gatene var det enkelte private festardeltakarar som fekk nokre utfordringar.
– Vi blei oppringt frå ein fest der nokon hadde prøvd å ta seg inn.
– Det skal også ha vore ein del krangling, men dei vanskelege gjestane forsvann frå staden då meldar ringte politiet, seier Rastad.