Lokal | 10. des. 2009

Mann tok overdose

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. des. 2009 21:05

Klokka 19.29 fekk politiet melding om overdose, og rykte ut til ein krins sør for Os sentrum.

- Mannen, som er i starten av 20-åra, var delvis bevisst då politiet kom fram. Ambulansen var opptatt, så politiet tok han sjølv med til akutten på Haukeland sjukehus, seier operasjonleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt.

Det skal vera mistanke om at det var GHB eller GBL den unge mannen hadde fått i seg for mykje av.

- Vi tok beslag i noko vi trur er GHB eller GBL. Det var ingen andre på staden som blei pågripe eller mistenkt for bruk, seier politibetjent Ørjan Hjortland til Midtsiden.no.

Mannen blei funnen utandørs.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.