Mann utan lappen - kvinne med promille

Politiet stoppa to bilførarar i Os i går.

Bjørnafjorden lensmannskontor. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. mai 2020 09:03

Måndag i 17-tida blei ein bil stoppa på Hatvikvegen.

– Bilførar, ein mann i 20-åra frå Litauen, hadde ikkje gyldig førarkort og blir meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Klokka 18.30 blei ein bil stoppa på Søre Neset.

– Prøve på staden gav utslag på alkometer, og bilførar blei tatt med til legevakt for å ta blodprøve.

Bilførar er ei kvinne i 50-åra. Ho blir meldt for køyring i påverka tilstand, og det er tatt beslag i førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.