Val 2025 | 20. juli 2025

Manntalet er lagt ut til ettersyn

Står du i manntalet? Har du flytta etter 30. juni?

Manntalet er lagt ut til ettersyn
Bjørnafjorden rådhus ein av mange varme julidagar i år. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. juli 2025 10:36

Manntalet i Bjørnafjorden kommune blei lagt ut til ettersyn i Kommunetorget på Bjørnafjorden Rådhus og Kommunetunet i Eikelandsosen frå torsdag 10. juli.

Krav om retting av feil, oppdaga feil eller klage skal sendast til Bjørnafjorden valstyre.

– Det er ikkje ofte det er feil i manntalet, men vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at dette kan skje, skriv Bjørnafjorden valstyre.

Manntalet er ei liste over alle personar som har stemmerett ved val i Noreg. Informasjon frå folkeregisteret ligg til grunn for manntalet.

  • Dersom du melder flytting til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, har du stemmerett i din gamle bustadkommune.
  • Ved melding om flytting før 30. juni i valåret, vil du ha stemmerett i den nye bustadkommunen.

Krav om retting av eventuelle feil gjeld ikkje for veljarar som har flytta etter 30. juni. At du flytter etter denne datoen, og dermed står manntallsført i ein annan kommune enn der du er registert som busett på valdagen, er nemleg ikkje feil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Manntalet er lagt ut til ettersyn