Kultur | 02. feb. 2016

Marcus og Martinus utseld!

– Det er heilt vilt. Det har ikkje gått ein einaste dag uten at vi har seld fleire ti-tals billettar. No er 5000 billettar blåst vekk, jublar Tor Egil Hylland.

Marcus og Martinus utseld!
Marcus og Martinus har seld ut konserten under Osfest laurdag 6. august (foto: Max Emanuelson)
Andris Hamretirsdag 02. feb. 2016 13:21

I slutten av november lanserte Osfest at to av dei mest populære artistane i Noreg om dagen, supertvillingane Marcus og Martinus, kom til festivalen. Etter det har det ikkje gått ein einaste dag utan at billettsystemet har gått varm.

– Vi har hatt sal fra 20-30 til fleire hundre billettar kvar einaste dag fram til no, men no er et utselt.

– 5000 billettar har blitt blåst vekk. Det er heilt vilt, strålar festivalsjef Tor Egil Hylland i Osfest.

Kan vera eit håp

Om du ikkje har vore om deg og fått kjøpt billettar er kanskje ikkje alt håp omme.

– Førebels legg vi ikkje ut fleire enn dei 5000 som er seld no, men no skal vi bruka tida fram mot forsommaren til å gå gjennom alt av logistikk, tryggleik og parkering. Det viktigaste for oss er at vi klarar å håndtera publikum på ein god måte, både med tanke på parkering, tilkomst til festivalområdet og tryggleiksmessig.

– Om vi på forsommaren ser at moglegheiten er der, kan det vera at eit mindre antal billettar blir lagt ut i tillegg. Vi har ein opsjon på det.

– Vi skal mellom anna ha ein gjennomgang av festivalområdet med han som er sjef for tryggleiksfolka i Pro Sec for å sjå kor mykje området tåler, avsluttar Hylland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.