Maren Evensen skyt 1. etappe for Hordaland Samlag under Landsskytterstemnet (foto: Andris Hamre)

Maren skyt første etappe på LS

Maren Evensen er tatt ut til å skyta for samlaget til Hordaland på Landsskytterstemnet (LS). – Eit vinnarlag, seier uttakskomiteen.

Av: Andris Hamre

Landsskytterstemnet blir arrangert på Stjørdal i Trøndelag i starten på august. I tillegg til dei individuelle øvingane er det alltid kamp om å bli tatt ut til å representere samlaget (tilsvarande krets eller regionslaget i andre idrettar, journ.mrk).

På Vestlandsstemnet i Rosendal førre helg skaut fire osingar på to ulike lag i eit forsøk på å kvalifisera seg til Hordaland sitt eine lag under Landsskytterstemnet.

– UK ungdom vil informera om at vi har tatt ei avgjerd på kven dei fire skyttarane og kven som skal vera reservere på samlagsskytinga under årets landsskytterstemnet på Stjørdal.

– Desse er Maren Evensen, Eirik Lussand, Jakob Adrian Farestveit og Sander Nesbø Sælensminde. Reservar blir Joakim Ullestad og Kristoffer Tvedt Skråmestø, heiter det i meldinga frå samlaget.

Laget består av to i klassen eldre rekrutt og to juniorar. Skytinga foregår måndag 6. august.

– UK trur dette er eit vinnarlag, og at vi gjentar bragda for to år sidan og tar sigeren heim.

Fleire saker

Maren skyt første etappe på LS | midtsiden

Feil

Det oppstod en uventet feil på nettstedet. Prøv igjen seinere.