Kultur | 26. sep. 2016

Marete i ny garasje og nytt samarbeid

Marete’s Garage Art har flytta til Særvoll. Her deler kunstnaren boks med lakkerar Lise Knudsen.

Marete i ny garasje og nytt samarbeid
Lise og Marete jobbar no side om side i ein dobbelgarasje på Særvoll. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. sep. 2016 19:07

Bildeserie:

Lise Knudsen er billakkerer med fagbrev. Her med ein gamal pickup. (Foto: KVB)
Lise Knudsen er billakkerer med fagbrev. Her med ein gamal pickup. (Foto: KVB)
Tre dagar i veka har jentene med seg Thor Jellestad. (Foto: KVB)
Tre dagar i veka har jentene med seg Thor Jellestad. (Foto: KVB)
Jellestad har henta inn eigne kundar frå eigen musikarkrins. (Foto: KVB)
Jellestad har henta inn eigne kundar frå eigen musikarkrins. (Foto: KVB)
Marete har fått ein gamal kunde tilbake, som først fekk dette motivet på eine sida. (Foto: KVB)
Marete har fått ein gamal kunde tilbake, som først fekk dette motivet på eine sida. (Foto: KVB)
No manglar berre siste finish på baksida, der Marete har teikna inn kona. (Foto: KVB)
No manglar berre siste finish på baksida, der Marete har teikna inn kona. (Foto: KVB)
På høgresida kjem den yngste dottera. (Foto: KVB)
På høgresida kjem den yngste dottera. (Foto: KVB)
Motiva blir lakka på ein staseleg Peterbilt frå Åkrafjord. (Foto: KVB)
Motiva blir lakka på ein staseleg Peterbilt frå Åkrafjord. (Foto: KVB)
1 av 7

Sjølv om ho reiser mykje ut til kundane på oppdrag har motivlakkerar Marete Lund Bakke behov for ein base. Dei siste åra har ho leigd lokale hos ARKA, men i vår måtte ho ut.

– Etter fire år blei det brått eit problem at eg hadde andre arbeidstider enn fabrikken. For meg er det umogleg å gje seg klokka 15 eller 16. For det første er eg eit nattmenneske, for det andre er det lite som blir gjort om du skal gje deg før middag.

– Står du i eit prosjekt så må det bli ferdig, det hastar ofte for kunden, som vil ha bilen på vegen igjen snarast. Eg må i periodar ta unna store mengder oppdrag på kort tid, då må du gå rett på neste runde med det same lakken er tørr.

Etter ein periode der ho lånte seg plass i Arna fekk Marete i sommar leiga ein dobbelgarasje hos entreprenør Kent Ivar Mjølkeråen. Der har ho fått med seg ein fagkyndig samarbeidspartnar og ein kunstnerisk, ny medhjelpar.

Med og utan motiv

Mens størstedelen av Marete sine oppdrag består i å lakkera halvnakne damer på lastebilar er Lise Knudsen ei som kan lakkera heilt utan motiv.

Etter å ha tatt utdanning på Os vgs og Slåtthaug fekk Lise i fjor fagbrev. Då ho hadde ønskje om å jobba i heimbygda blei det eit samarbeid med Marete.

– Vi har kvar våre prosjekt og vi jobbar saman. Ein lastebil som eg no lakkerer motiv på hadde nokre svake parti i lakken, så her fekk Lise fjerna rust og tatt grunning før eg starta. I tillegg held ho no på med eit spennande prosjekt med ein gamal pickup.

Lise viser oss eit Ford pickup frå slutten av 60-talet som skal ha vore mosegrodd då han kom frå Karmøy til Os.

– Vi har eit samarbeid med verkstadar oppe i gata her. Truls Hetleflåt tar det mekaniske, Os Lakk og Karosseri tok sandblåsinga. Det er ein stor jobb, men det blir ein fin bil når han er ferdig, fortel ho.

Marete er nøgd med både selskapet og kompetansen.

– Lise er svært nøye og veldig effektiv. Ho er god å jobba saman med og det er godt å ikkje gå åleine heile tida, både på verkstaden og når vi er på messer og show.

I oktober går turen til Oslo Motorshow.

God hjelp av ung kunstnar

Tre dagar i veka har Marete med seg Thor Jellestad.

Thor har studert design og handverk og vore utplassert hos Lund Bakke fleire gongar dei siste tre åra.

– I tillegg til å hjelpa meg, blant anna med nokre småprodukt som eg lakkerer opp for sal i ledige periodar, så er han i ferd med å utvida kundebasen til garasjen.

Jellestad speler gitar og jobbar med eigne motiv på fleire gitarar.

Får heile familien på bilen

Då Midtsiden var på besøk hadde Marete eit større prosjekt i ein tredje garasje i Særvollsvegen, på ein Peterbilt-truck som ho dekorerte den eine sida på for nokre år sidan.

– Bilen er for stor til å gå inn i garasjen vi har, men ein annan av leigetakarane hos Mjølkeråen, Jonny Sperrevik, har vore fleksibel og hjelpsam.

– Bileigar er ein kunde frå Åkrafjord som er tilbake. Han fekk dottera på venstresida av bilen først, no kjem kona og dotter nummer to på baksida og høgresida.

Motiva er med indianertema etter kunden sitt ønskje.

– Eg synest dette passar både stilen og familien. No står det igjen nokre detaljar før Lise skal få ta klarlakk på, seier Marete.

Les òg:
Ordna ny russebuss på éi natt
Garasjekunst hamna på - garasjen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.