Marius Neset er nominert til spelemannsprisen for sitt siste album «Circle of Chimes» (pressefoto)

Marius nominert til spelemann

Marius Neset blei tysdag nominert til årets spelemannspris i klassa for jazz.

Av: Andris Hamre

Under ei tilstelling i Oslo Konserthus tysdag offentleggjorde Thomas Felberg og Jenny Skavlan kva artister som er nominert til spelemannsprisen for 2017.

– Dette blir heftig, oppsummerte dei to programleiarane då alle kategoriane var presentert.

Har vunne tidlegare

I klassa for Jazz, er Os representert, då vi blant dei nominert finn Marius Neset med albumet «Circle of Chimes». 

På det nyaste albumet har han med seg ei rekkje dyktige musikarar, blant anna syster Ingrid Neset på fløyte, piccolo-fløyte og alto-fløyte.

Neset har tidlegare vunne spelemannsprisen, då han i 2014 vann prisen for bestillingsverket Lions, som han skreiv til Trondheim Jazzorkester. Han blei også nominert til Nordisk råds musikkpris det same året.

Dei andre nominerte i klassa for jazz er Ellen Andra Wang «Blank out», Hegge «Vi är ledsna men du får inte längre vara barn», Helge Lien Trio «Guzuguzu».

Spelemannsprisen, den 45. i rekka, blir delt ut søndag 25. februar i Oslo konserthus

Haustar lovord

Neset har igjen hausta mang eit lovord for den siste plata.

– It's not just the breath-taking scope and depth of saxophonist/composer Marius Neset's ACT Music releases, Lion (2014), Snowmelt (2016) and now Circle of Chimes (2017) that's remarkable, but the fact that such powerful waves of music have come from the thirty-two-year old Norwegian in the span of just three years, startar Ian Patterson hos all about jazz si fem stjerners anmelding av albumet.

– Saksofonisten, komponisten og bandleiaren Marius Neset har no etablert seg heilt der oppe. På toppen altså, skriv Tor Hammerø, "Tor de jazz",  på bloggen sin.

– Sidan han runda 20 har han med jamne mellomrom gitt oss statusrapporter per cd på kor han har befunnet seg i utviklinga si og med sitt sjette visittkort under eige namn, «Circle of Chimes», fortel han oss at nye steg er teken. Steg mot noko som antyder verdsherredømme - ikkje noko mindre, skriv Hammerø.

Fleire saker