Kultur | 29. apr. 2011

Markering og venting

I morgon er det musikalsk markering av 50 dagar igjen til opning. I dag skulle det vore overtaking av Oseana, men den er utsett.

Markering og venting
Andris Hamrefredag 29. apr. 2011 14:02

Etter planen skulle Os kommune i dag, fredag, overtatt den nye storstova på Mobergsneset. Men framleis er arbeiderane i full sving på bygget.

- Det er nokre entrepriser som har blitt litt forseinka, men det får ingenting å seie i høve til opninga 17. juni, forsikrar direktør Kim Kristoffersen.

Han reknar med at det ikkje går så veldig lang tid før dei kan flytta inn, men trur samstundes at heilt ferdige blir dei nok ikkje før i timane før opningsforestillinga.

- Det er mykje som skal moterast, testas og justerast før vi opnar, smilar Kristoffersen.

Godt billettsal

Opningsforestillinga er utselt. Premiera på Havfest byrjar å fyllast opp. 250 har allereie sikra seg billettar til Vamp-konserten.

- Det går unna, men framleis er det godt med billettar til dei tre siste forestillingane av Havfest og konserten med Krohnengen Brassband.

God respons har dei og fått frå frivillige som vil hjelpa til under arrangmenta.

- Janne Mari (Hjelle, journ.anm) har 20 på lista så langt.

- To av dei kan du møta på arrangementet vårt på Telthusplassen i morgon, fortel Kristoffersen som håper fleire tek kontakt og vil hjelpa til.

Han fortel at dei står klare med opne armar i morgon.

Feirar 50 dager igjen

Saman med Osøren Blues & Jazzfestival inviterar Oseana til 50-dagars markering på Telthusplassen i Os sentrum laurdag.

- Der kan osingane få møta oss, kjøpa festivalplass til Osøren Blues & Jazzfestival, og billettar våre arrangement, reklamerar Kristoffersen.

I tillegg blir det ei musikalsk markering av dagen med fleire konsertar, avsluttar Oseanadirektøren.

Programmet ser slik ut:

12:00 - 12:20 Os Spelemannslag
12:20 - 12:40 Os Musikkforening
13:00 - 13:30 Blue Note Shuffle
13:30 - 14:00 Ondt i hodet

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.