Lokal | 25. nov. 2011

Markerte Nansen-året

Video: Elevane på Søftland skule markerte torsdag Nansen-året med utstilling og føredrag.

Andris Hamrefredag 25. nov. 2011 09:05

Dei siste 5-6 vekene har Fridtjof Nansen stått i houvudsete på Søfteland skule. Fire timer kvar veke har dei jobba med polfararen, humanisten og forskaren Nansen. Det er 150 år sidan Nansen blei fødd og det fann skulen ut var noko som måtte markerast.

- 5. 6. og 7. klasse har jobba med forskjellege delar av Nansen sitt liv, forklarar Elin Berge, kontaktlærar for 6. klasse.

Polfararen

Femteklassingane har via oppmerksomheten sin mot polfararen Nansen og med god hjelp av ein far i klassa bygd Fram og menneskja rundt polferdane.

- Vi har malt den, sydd sigla og montert dei, laga hav og isfjell, fortel femteklassingane ivrig før dei skal visa fram farkosten for dei andre elevane på skulen.

Det å laga isfjell var ikkje berre berre. Isoporkulane hadde ein lei tendens til å festa seg på klea når dei kutta i isoporen.

- Også har vi laga alle folka på båten og kaia, forklarar dei.

Menneskja som er laga av piperensarar har fått tidsriktige klær og sko. Mønsteret har elevane måtte tegna sjølv før dei har klypt ut stoffet og sydd det saman.

Fredsarbeidaren

Medan femteklassingane har fokusert på polfararen, har sjetteklassingane konsentrert seg om humanisten og fredsarbeidaren Fridtjof Nansen.

- Nansen gjorde eit stort arbeid for å hindra hungersnød etter 1. verdskrig og laga eit eiget pass for statslause, forklarte sjetteklassingane for dei andre elevane under framsyninga.

For å formidla Nansen sitt arbeid har elevane måtte leika journalistar og skrive artikler om fredsmannen. Noko som har resultert i informative og gode veggaviser i vestibylen på skulen.

Forskaren

Dei eldste elevane på barneskulen har tatt for seg forskaren Nansen og lot dei andre elevane få ta del i arbeidet hans gjennom lysbildepresentasjonar.

Her fekk vi innblikk i forskararbeidet til Nansen og korleis inuittane lever. Nansen måtte nemleg bu hos dei då han ikkje kom seg frå Grønland i tide etter ein ekspedisjon.

- Vi har nytta oss av internett når vi har forska i livet hans, forklarte elevane når rektor Anne Fristad lurte på korleis dei hadde jobba seg fram.

Som riktige forskarar hadde elevane passa på å få med seg kjeldehenvisningar heile vegen.

- Kanskje skulle mor og far eller læraren vore oppgitt som kjelde òg lurte rektor på. Men nei, dei hadde berre nytta seg av nettet.

Sjå delar av presentasjonane i videoen nedanfor (foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.