Kultur | 21. juni 2010

Marknad med moteshow

Porsche og Ibiza, hoppeslott og moteshow, det nærmar seg marknadsdagar i Os sentrum, og arrangørane etterlyser modellar.

Marknad med moteshow
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. juni 2010 21:20

Moteshow, bil- og båtutstilling, aktivitetar for ungar og eige loppemarknad står på programmet for årets marknadsdagar.

Etterlyser modellar
Os Sentrumsforening etterlyser modeller til moteshow i Os sentrum laurdag 26. juni.

- Vi vil ha eit litt annleis moteshow, der modellane ikkje berre viser klede, men har styla seg opp med utstyr som passar, for eksempel i arbeidstøy med hekksaks over skuldra, seier leiar for Os Sentrumsforening, Renate Iversen Sundberg.

Arrangørane treng 5 jenter/kvinner og 5 gutar/menn i alle aldrar som modell. Som takk for tenesta får modellane gratis klipp/makeup/styling hos Ramsvik Frisør.

- Ungar mellom 8 og 14 år passar nok bra, og ungdom og vaksne i alle aldrar kan melda si interesse, seier Renate.

Leik og handel
Som vanleg under marknadsdagane flytter dei fleste butikkane ut på gata med varene sine, anten det er salsvarer eller noko nytt dei vil visa fram. I tillegg kjem fleire eksterne firma med salsutstilling.

- Vi kan by på både bil og båt, Porsche, Ibiza og Skibsplast.

Hoppeslott, ansiktsmaling, klovnefakter og aktivitetar blant anna på Os Turn Fotball sin stand skal sørgja for å halda dei yngste i sving.

Marknadsdagane startar torsdag 24. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.