Marknad og sol!
Moteshow, Brann-spelarar, festivalopning og "avduking" av Telthusplassen er blant det som står på programmet til Marknadsdagane som opnar i dag.


I dag er det konsert med Os Vocalis, opning av festivalutstilling i Galleri Oz og nattope hos GH Interiør, fredag kjem Brannspelarar til Sparebanken Vest og opningskonsert for Osøren Blues & Jazzfestival og laurdag er det gratis frukost på Torget, mogleg å kjøpa helikotertur, opning av nye Telthusplassen og moteshow.
Men Marknadsdagane i år kjem ikkje berre til å handla om handel og underhaldning, omsetnaden under S. Tvedt sin årlege auksjon (laurdag) går til barneheimen Nsumba i Uganda.
- Ungane har eige fotballag, og kjem til Bergen i juni før avreise til Oslo og Norway Cup. Dei kjem med lite i bagasjen, så det er ei sann glede å få hjelpa til, seier Tove Tvedt Skarstein.
Også tidlegare har det vore samla inn pengar i Os til Nsumba, om ikkje på ein like spenstig måte som det skal gjerast no.
Richard Kiwanuka kjem sjølv frå Uganda, men har budd i Noreg i mange år, og står bak stiftinga www.bringchildren.no.
- Det siste året har han vore på Nsumba med familien sin og drive barneheimen, der det bur nærmare 600 ungar. I Os er det fleire som har ein relasjon til Richard og barneheimen, nokon har boksa med han, andre har jobba for han på Nsumba.
Smakfull pannedemo
Tove har alltid vore ekstra engasjert under Marknadsdagane. I tillegg til mange leverandørar på fiskeutstyr på plass, har ho i år invitert kokkar til å demonstrera panner. Kjøkkensjef på Bjørnefjorden Gjestetun, Børge Brekke, er éin av 12 som er tatt ut til finalen i kokkekunst i Ålesund i august. Under Marknadsdagane demonstrerer han kokkekunst og Scan Pan.
- Eg synes det er veldig kjekt at Børge og kollegaen Ellinor L. Hauge vil delta på Marknadsdagane med oss, og ser fram til å smaka det dei lagar medan dei viser kva Scan Pan duger til, seier Tove.
Resirkulert brukskunst
Han liker ikkje å kalla seg kunstnar, amerikanaren David Cutherall, men han lagar mykje fint av ting andre kastar. Han prøver å gjera hobbyen til levebrød, og har ein tanke om at vi kastar litt for mykje i det moderne samfunnet vi lever i.
− Eg har bakgrunn som sølvsmed, så eg trivst godt med å jobba med metall, gamle syklar og anna folk har kasta eller sett frå seg. Men også gamle dekk eignar seg godt å laga noko fint av.
Dave bur i Bergen og stiller for første gong ut på Os under Marknadsdagane. Med seg har han fargerike blomar, skulpturar, blomsterpotter av gamle dekk og anna brukskunst med eit lite bodskap om at vi kanskje kastar litt for mykje i velferdssamfunnet vi lever i.