Næringsliv | 26. jan. 2020

Marknaden i Os: Desember 2019

Det blei selt 20 hus i løpet av ein roleg månad. 2020 startar med stort utval for kjøparar.

Marknaden i Os: Desember 2019
Espen Hjertholm er fast spaltist hos Midtsiden. (Foto: Tor Brødreskift)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. jan. 2020 08:18

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklar Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

Desember månad plar vera ein av dei månadane med færrast sal, og 2019 blei ingen unntak. Ofte skiftar både seljar og kjøpar fokus over til juleførebuing, og har mykje anna i tankane i desember. Det kjem derfor ofte færre bustadar for sal, noko som gjer at aktiviteten vert lågare.

Det blei selt i alt 20 bustadar i desember, men berre 11 av desse blei selt via Finn.no.

Salstida var på 80 dagar i snitt, noko som er høgare enn snittet for heile 2019. Det skuldast nok få nyheitar ut i marknaden og større sjanse for å gjera eit god kjøp, og ikkje minst sikra seg eit sal før nyåret.

Berre 1 av 11 bustadar gjekk over antyda pris i desember. Desember var, kort oppsummert, ein månad med låg omsetnad og mindre aktivitet.

Sal vs prisantyding desember 2019:
• 64 % under prisantyding
• 27 % lik prisantyding
• 9 % over prisantyding

Salstider for desember
Desember 2019: 80 dagar
Desember 2018: 58 dagar
Desember 2017: 66 dagar

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Bjørnafjorden kommune, 46 einebustadar, 19 tomannsbustadar, 36 rekkjehus og 93 leilegheiter m.m. for sal på Finn.no - i til saman 96 annonsar.

Sjølv om Os og Fusa har slått seg saman til éin kommune, er det fremleis ulikheitar i bustadsmarknaden dei forskjellige stadane.

Om du er på jakt etter bustad i nye Bjørnafjorden kommune er tilbodet noko større enn det har vore i Os. Men ikkje mykje.

12 av 96 annonsar er for eigedomar i tidlegare Fusa kommune.

Det verkar som at marknaden har tatt seg bra opp på nyåret, med nye og «gamle» annonsar på nett. Ein har all grunn til å tru at etterspurnaden etter dei større bustadstypane vært aukande gjennom 2020, men marknaden vert i stor grad påverka av tilbod og etterspurnad.

Om tilbodet skulle auka ytterlegare gjennom 2020, er marknaden avhengig av auka etterspurnad for å halda prisane og salstida stabil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.