Næringsliv | 03. feb. 2018

Marknaden i Os: Januar

Eigedomsmarknaden i Os skaut fart siste halvdel av første månad i 2018.

Marknaden i Os: Januar
Søfteland sett frå lufta i går, fredag 2. februar. Innfelt: Espen Hjertholm. (Flyfoto: Herman Brandt, Privatmegleren)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. feb. 2018 11:59

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om kva som er venta for månaden som kjem.

• Fersk liste: Desse eigedomane i Os skifta hender i januar 2018

• Les òg: Marknaden i Os: Desember og heile 2017

I januar 2018 blei det selt i alt 31 bustadar i Os. Det er 15 fleire enn i desember 2017, 20 færre enn i jaunar 2017 og 9 fleire enn januar 2016.

7 av eigedomane er nye bustadar, medan 24 av dei er brukte.

Av eigedomane som vart selt i januar er det ein god miks av nyheitar og eigedomar som har vore for sal over lengre tid.

Marknaden skyt fart!

Januar starta noko treigare enn fjoråret, men har i slutten av månaden tatt seg kraftig opp. I skrivande stund ligg det 67 annonsar for eigedom i Os på Finn.no.

10 av dei er selt dei siste 3 dagane!

Av i alt 31 selte bustadar i januar var 12 av dei nyleg lagt ut, med omsetnadshastigheit på 10 dagar i snitt

11 av dei blei lagt ut for sal før 2018, og hadde ein omsetnadshastigheit på 213 dagar i snitt. Alle dei 11, bortsett frå éin, blei selt under prisantydning, men ikkje overraskande lågt.

Brukte bustadar selte bra unna i januar, både nyleg annonsert og dei som har lagt ei stund.

Eigedomssal og snittprisar i Os i januar 2018

Einebustad: 8 sal
Snittpris kr 4 761 250,-
Snittpris kvm: 29 153,-
*Omsetnadshastigheit: 89 dagar

Tomannsbustad: 7 sal
Snittpris kr 2 961 428,-
Snittpris kvm: 26 918,-
Omsetnadshastigheit: 186 dagar

Leilegheit: 10 sal
Snittpris kr 2 523 325,-
Snittpris kvm: 37 564,-
Omsetnadshastigheit: 151 dagar

Rekkjehus: 6 sal
Snittpris kr 2 773 333,-
Snittpris kvm: 29 308,-
Omsetnadshastigheit: 42 dagar

Samla tal for januar 2018: 31 sal
Snittpris kr 3 254 834,-
Snittpris kvm: 30 736,-
Omsetnadshastigheit: 107 dagar

Tilsvarande tal for januar 2017: 51 sal
Snittpris sal: 3 222 212,-
Snittpris kvm: 26 707,-
Omsetnadshastigheit: 49 d

Tilsvarande tal for januar 2016: 22 sal
Snittpris sal: 2 856 048,-
Snittpris kvm: 27 468,-
Omsetnadshastigheit: 58d

Tala over viser at prisane i januar har auka frå i fjor til i år, trass nedgangen Os har vore gjennom den siste tida.

Omsetnadshastigheita i snitt i januar var på 107 dagar. 2 av bustadane var for sal i over 1 år og 8 månadar før dei vart selt no i januar, noko som dreg snittet mykje opp.

Høg omsetnadshastigheit kan både vera positivt og negativt. At dei bustadane som har vore for sal lenge blir selt i januar, visar tydeleg aktivitet i Os-marknaden.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 mndr:
404 sal
Snittpris: 3 191 600,-
Snittpris kvm: 29 631,-
Omsetnadshastigheit: 59 d

Siste 6 mndr:
170 sal
Snittpris: 3 163 946,-
Snittpris kvm: 30 294,-
Omsetnadshastigheit: 72 d

Siste 3 mndr:
76 sal
Snittpris: 3 108 200,-
Snittpris kvm: 30 418,-
Omsetnadshastigheit: 83 d

* Omsetnadshastigheita er rekna ut frå bustadar som er selt i den opne marknaden, ikkje prosjekterte bustadar, private sal eller heimelsoverføringar.

Ikkje så langt under prisantyding

Over halvparten av bustadane som blei selt dei siste 3 månadane vart selt under prisantydning.

Salsprisen på bustadane i kategorien «under prisantydning» varierer, og nokre gongar var det kun tusenlappar frå antyda pris.

Sal vs. prisantydning dei siste 3 månadane:
• 56 % under prisantydning
• 15 % lik prisantydning
• 29 % over prisantydning

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 16 einebustadar, 12 tomanssbustadar, 13 rekkjehus, 57 leilegheiter, og 1 produksjon/industri for sal på Finn.no - i til saman 67 annonsar.

Det er 17 annonsar fleire enn byrjinga av året.

Nokre av annonsane har vora ute før, nokre er nye og nokre er selt.

Det er tydeleg at aktiviteten i marknaden i Os auka i siste del av januar. Dette mønsteret går igjen hos fleirtalet av dei store meklarkjedane i landet, ifølje DN.no. Prisnedgangen i Os stoppa opp ved nyttår, og det kan sjå ut som at marknaden har byrja å akseptera nedgangen som har vore den siste tida.

Slik eg ser det viser januarsalet at bustadsmarknaden er på veg tilbake i flytsona.

Bustadsjakt eller planar om sal?

Når ein skal selja bustaden sin er det mykje som skal på plass. Det å kontakta meklar i god tid før ein skal selja kan letta på stressnivået, ein kan få god rettleiing, nøye planlegging og førebuing, og betre oversikt.

Om ein er på bustadsjakt kan det vera lurt å gjera ei god undersøking før visning, les gjennom prospekt og ta med deg eit par ekstra auge på visning for å trygga grunnlaget før eventuelt kjøp.

Det som òg kan vera lurt er å følgja med på «prisstatistikk» under dei forskjellige annonsane på Finn. Her finn du info om snittprisar i området, og trafikken (interessa) annonsen genererar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.