Næringsliv | 06. feb. 2019

Marknaden i Os: Januar 2019

Bustadsmarkaden i Os kvikna til liv i siste halvdel av januar

Marknaden i Os: Januar 2019
Kuvågen sett frå lufta i januar 2019. (Foto: Espen Wilhelmsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. feb. 2019 13:47

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i desember 2018 (og heile 2018)

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i januar?

I januar 2019 blei det selt i alt 25 bustadar i Os. Av desse var det 22 brukte og 3 nye bustadar.

Det er 14 fleire enn i førre månad, men 6 færre enn i januar i fjor.

Frå 5 til 20 selte hus

Året starta på same måte som i fjor. Då blei det berre selt 4 bruktbustadar i første halvdel av januar. I år blei det selt 5 bustadar i første halvdel, og 20 i siste halvdel av januar.

Det viser seg at det tar tid før marknaden vaknar til liv igjen etter ei tid med fridagar og julefeiring. Det same gjeld tilbodet. I første veke blei det lagt ut nokre få annonsar på Finn, men ingen av desse var nye i marknaden, dei har lagt ute før.

Justerte prisen ned og opp

Mengda annonsar har vore oppe i over 80 stk på Finn.no, men i siste halvdel av månaden blei det selt ein god del, og ved inngangen av februar låg det 70 annonar ute på nett. Det var 3 fleire enn i inngangen av februar 2018.

I løpet av januar månad blei 8 bustadar på Finn.no sett ned i pris, og 2 bustadar prisa opp. Ein bustad blei prisa ned heile 12 %, og i andre enden blei det prisa opp 7,6 %.

Trendar i januar

I første månad av 2018 blei det selt ein god del bustadar som har lagt for sal lenge. Det gjorde at salstida blei høg og fleire av bustadane gjekk under antyda pris. Januar i år hadde ei salstid på 78 dagar på snitt, medan i fjor låg snittida på 107 dagar same månad.

I år blei det selt ein bustad som har vore for sal i 298 dagar, og rekorden for januar i fjor var 620 dagar før det blei sal. I siste halvdel av 2018 var salstida kort, og mykje tydar på at hastigheita held på å stabilisera seg på eit lågare nivå. Prisane for månaden ligg på same nivå som i fjor januar.

Sal vs prisantyding januar 2019:
• 45 % under prisantyding
• 35 % lik prisantyding
• 20 % over prisantyding

Sal vs prisantyding held seg på eit relativt normalt nivå samanlikna med 2018.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 21 einebustadar, 22 tomannsbustadar, 40 rekkjehus og 26 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 70 annonsar.

Det er 5 annonsar fleire enn byrjinga av året, og 2 av dei viser seg no å vera selt. I byrjinga av februar i fjor låg det 67 annonsar på Finn.no i Os. Det er 3 færre annonsar enn i år.

Tilbodet av bustadar for sal auka kraftig i haust, og i januar har det kome mykje nytt for sal i Os. Tilbodet vil truleg halda fram i månadane som kjem. Salstida har korta seg ned dei siste månadane, og det kan verka som vi opplever ein sunn bustadsmarknad med jamt tilbod og god etterspurnad.

Tilbodet av nybygg har vore høgt i det siste, og på Finn.no ligg det i skrivane stund 64 nybygg og 44 bruktbustadar for sal. Tilbodet har auka parallelt med 3 einingar sidan byrjinga av januar.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for januar 2019: 25 sal
Snittpris kr 3 323 687,-
Snittpris kvm: 30 561,-
Omsetnadshastigheit: 78 dagar

Tilsvarande tal for januar 2018: 31 sal
Snittpris kr 3 322 196,-
Snittpris kvm: 30 183,-
Omsetnadshastigheit: 107 dagar

Samla tal for desember 2018: 11 sal
Snittpris kr 3 597 438,-
Snittpris kvm: 28 259,-
Omsetnadshastigheit: 58 dagar

Kvadratmeterprisane kan varierar med type bustad. Store bustadar kostar ofte meir og har fleire kvm å dela prisen på. Ofte gjev dette lågare kvm pris enn f.eks leilegheitar som er mindre i storleik.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar
414 sal
Snittpris: kr 3 296 057,-
Snittpris kvm: 29 428,-
Omsetnadshastigheit: 62 dagar

Siste 6 månadar
182 sal
Snittpris: kr 3 232 923,-
Snittpris kvm: 29 248,-
Omsetnadshastigheit: 58 dagar

Siste 3 månadar
64 sal
Snittpris: kr 3 404 626,-
Snittpris kvm: 28 796,-
Omsetnadshastigheit: 70 dagar

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.